Laurdag tok jentene Jill Alice, Sonja og Lene fatt i slikkepotten og stavmikseren for ein real bakedag.Med sjokolade som hovudingrediens, endte vårt søk etter gode oppskrifter på kokosboller og bamsemumskake.
Ingen av oss hadde laga kokosboller før så det blei ein spennande prosess med prøving og feiling.
4 eggekviter
300 g sukker
6 gelatinplater
Her erfarte vi at sukkerkorna ikkje fikk nok væske og dermed kunne vi tydelig kjenne sukkerkorna når vi smakte på marengsmassa. Korleis kan vi komme unna dette?
Eit forslag vi har er å blande ut sukkeret i gelatinen og dermed få smelta det før det blandast i eggekvitene. Eventuelt må ein prøve å la det stå i miksaren i lengre periode.
Sprøyta fyllet på mariekjeks og plasserte dei tolmodig i kjøleskapet...heldigvis hadde vi eit par slikkepotter å smake på ;)
Sjokoladetrekk:150 g kokesjokolade
25 g delfiafett
ca. 2 dl kokosmasse.
Medan vi venta på at sjokoladefyllet på kokosbollane skulle stivne kokkelerte vi i hop ei bamsemomskake.
Åja, den inneheld bamsemoms og det kan vel ikkje bli anna ein godt?
3 store egg
3 dl sukker
150 g smør
0,7 dl kakao
0,5 ts bakepulver
2,5 dl kveitemjøl
15 stk Bamsemums
Glasur:
0,5 dl kremfløyte
100 g kokesjokolade
Vi lot den stå i ovnen i 52 minutter på 160 grader og resultatet blei FANTASTISK!
Kaka var som ein diger brownies med deilige overraskingar av bamsemums inni.
I oppskrifta stod det "dødsgod" og vi kan absolutt bekrefte dette :)
Treng du sjokoladeterapi er denne kaka det riktige valget!
Tusen takk for ein fantastisk bakedag jenter ♥