søndag, mai 26, 2013
søndag, mai 19, 2013
Papirbryllaup
Då er det 1 år sidan vi blei mann og kone i Haramsøy Kyrkje!
Året har blitt fyllt med mykje godt arbeid i og rundt huset vårt i Breivika, som vi i august flytta inn i.
Vi har begge starta i nye jobbar i Ålesund og trivast godt i huset som her og fru Stern,
saman med Gnixie og Sigfus :)
Gratulere med dagen elskling ♥
19.mai 2012
10.mai 2013 - Pause i grøftinga
Pusane våre Gnixie (kvite potar) og Sigfus var 1 år den 10. mai ;)
I gave på 1 års bryllaupsdag, fikk eg eit søtt, lite søtkirsebærtre med Christopher.
Dette er no godt planta i jorda saman med ripsbærtrea og håper at det skal bringe mykje god frukt i alle åra vi skal dele vidare!
onsdag, januar 16, 2013
Finn katten!
2 ny-kastrerte kattar kjeder seg inne for tida. Karantenetid etter operasjon er 3 dagar, så det blir lufting no i slutten av veka.
onsdag, januar 02, 2013
Etterjulssøtsaker!
Pga. innkjøpsdatoen av råvarene, lar vi denne kaloridosen gå på julekvota.
Ken Wood piskar lett egg, sukker og fløte til ein fin masse som vi seinare puttar i iskrembollen. I går vart det vaniljeis med sjokobiter, idag har vi kokt ein enkel karamell av like deler brunt og kvitt sukker, smør, sirup og (viking)melk. Smakar godt ja.
Iskremmasse klar for nedkjølingfase 1.
Koking av karamell for smak
Nedkjølt masse skal i iskrembollen og rørast til den får soft-is konsistens.
Etter nokre timar i frysaren er den nok klar, men det vart ikkje umiddelbar prøvesmaking denne gongen, den lange vegen mot rett karamellkonsistens sørga for at vi fekk fylt opp sukkerkvoten for kvelden...
Abonner på:
Innlegg (Atom)





