Viser innlegg med etiketten Tradisjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tradisjon. Vis alle innlegg

søndag, desember 11, 2011

Julemiddag i Klostergata

Søndag 11.desember diska vi opp med heimelaga julemiddag for dei stressa studentane i huset som premie for ihærdig innsats i eksamensperioden.

Starta tidleg med tilberedning av tilbehøret: f.v Kålrabi til rabbestappe, surkål, rødkål og poteter!

Svineribba vart dynka i salt kvelden i forvegen i håp om god smak på svoren.

Christopher trylla fram ein kryddermiks som vi krydra ribba med før steiking.
Julemixen bestod av salt, pepper, allehånde, ingefær og nellik.

Ribba blei lagt i forma med svoren ned og så fylte vi på med så mykje vatn at det dekte svoren.
Etter 1 time på 170 grader snudde vi ribba og lot den stå i 1 time til. Fulgte med temperaturen på ribba så den ikkje skulle bli over 75 grader.
Tok ut ribba og varma opp ovnen på høgaste varme (sidan grillfunksjonen ikkje fungerar i ovnen vår)

Avslutta prosessen med å sette ribba på høgaste rille og jevnlig helle over kraft over svoren.
Sakte men sikkert blei svoren meir og meir sprø, og vi vart meget fornøgd med dette resultatet!

Miksa rabbestappa med stavmikser for å få god konsistens. Legg merke til "Chef´s Tanta"-forkledet mitt som eg fikk av nevøane mine i fjor jul:)

Kokken Christopher i gong med å skjære opp svineribba og ein skrubbsvolten Torgeir følger ivrig med.

Klostergata 12:
Sondre, Sina, Grethe, Lene, Torgeir, Jill Alice og Christopher :)

tirsdag, mai 17, 2011

17.mai i Trondheim

Hipp, hipp, hurra-hurra-hurra!!

Frukost er viktig for å få ein god start på dagen!
Borgertoget nede i Midt-byen. God stemning og mykje underhaldning. Likte spesielt trampoline-showet!
Pølser på 17.mai. Treng vi sei meir?
Dagens kjæledyr. Dingla i alle tre og blei bestevenn med Sonja :)
PS: Legg merke til Sonja sin fantastiske neglelakk!!


Dagens kakebord i Klostergata: Barnas beste og rullekake med ferske bær :)

Gratulerer med dagen alle sammen ♥

søndag, mars 06, 2011

Fastelavn

Det viser seg å vere fastelavn i dag, og Jill Alice er i skrivande stund på jakt etter ein åpen butikk for å kjøpe gjær og kremfløyte til bollane. Fastelavn markerer at vi nærmar oss fastetida som startar 6 veker før påske på askeonsdag. I morgon følger blåmandag med feitetirsdag eller Mardi Gras på tirsdag. 6 veker er omlag 40 dagar, eit tall vi ofte finn i Bibelen:

Jødane vandra 40 år i ørkenen.
Moses fastet 40 dager på Sinai.
Jesus var 40 dager i ørkenen.

Altså ikkje heilt tilfeldig. Idag er det også 5-mil, så ein bolle med krem passar utmerka!


God fastelavn alle saman!

onsdag, desember 01, 2010

Julestemning

I Trondheim har det i november vore den kaldaste månaden på minst 222 år stod det i Adresseavisa. Då lovar det ikkje godt at det no skal bli kaldare.. Bra er det då at det er desember og vi kan kose oss med alt det gode som høyrer jula til.
I dag vart det litt juleshopping på Solsiden, og her har dei verkeleg slått på stortromma. Området er pynta i tusenvis av lys, og både ute og inne kan du høyre koseleg julemusikk.
 Julestemning blei det også på jobb i dag då eg fekk vere med å pynte juletre! Gjennom åra har det blitt litt skavankar på det stakkars plastikktreet så det hadde litt problem med å stå med rak rygg, men det blei no litt sjarmerande når julepynten kom på :)

 Nissane har fått heidersplassen på kontorpulten min.

♥♥♥

 I desember er det også veldig koseleg med julekalender, og Lene hadde da den fantastiske idéen at vi burde ha ein felles kalender i Klostergata. Alle fekk dermed i ansvar å kjøpe inn 4 pakkar kvar og idag var bardisken vår overfylt av spennande pakkar.


God førjulstid alle saman!

mandag, november 29, 2010

Juleverkstad

Då var advent og juletida i gong. Endelig!

Sonja inviterte i dag på juleverkstad, å ho hadde verkeleg slått på stortromma. Det var akkurat som å vere tilbake på formgivningssalen på barneskulen. Stuebordet var fylt til randen av filt, maling, perler, glitter, bånd, glass, kuler, piperensere og andre hobbysaker.


Ute var det omlag 14 minus grader, men inne kosa vi oss med gløgg, fyr i peisen og julemusikk. Ein riktig koseleg formiddag med mykje spennande idèar og produkt, og ein god del mimring frå barndomsåra.

Synest eggekartong nissane mine blei ganske søte i grunn :)

Takk til "formingslærar" Sonja for «juleverkstaden of our dreams». Treng noken eit tips eller to så er dette dama å ringe ;)

fredag, november 26, 2010

Thanksgiving turkey


Etter amerikansk tradisjon er dette ein dag for familien, men i Klostergt 12 er vi nærast som familie å rekne. I tillegg tok vi inn eit par utanforståande til Thanksgiving-middag, og det vart ein riktig koseleg aften med mykje god mat. 

På bordet diska vi opp med kalkun, skinke, potetstappe og søtpotetstappe, bakte, gratinerte brekkbønner og ekte gravy! Solveig og Emily stilte med krydderkake med høg amerikansk stil og Torgeir "bakte" ein liten (legg merke til størrelsen) blåbærpai som vi delte broderlig på.

Ein absolutt vellykka kveld. Her har vi oppsummert med eit lite slideshow:
Musikk: Thanksgiving Day - Guy Davis.



Fortsetter gjerne med denne tradisjonen i åra som kjem :)
GOD HELG!

torsdag, november 25, 2010

Happy Thanksgiving!

"I USA feires Thanksgiving den fjerde torsdagen i november. Thankgivingshelgen, Thanksgiving Holiday, varer i fire dager, det vil si fra torsdag til søndag. Vanlig markering er å spise thanksgiving-middag sammen med familie og slekt, der hovedretten vanligvis er fylt kalkun, yams (søtpotet) og gelé av tranebær, samt gresskarpai til dessert. Helgen preges av stor utfart i trafikken, men foregår ellers fredelig. Helgen innleder også den omfattende julehandelen."
- Wikipedia

I USA fikk vi ein smak på mange amerikanske tradisjonar og thanksgiving er ein av dei vi skal prøve å fortsette med her i Noreg.
Kalkunen vår er skaffa og klar for ovnen.
Vi kjøpte den minste kalkunen i frysern på 6,3 kg, så får håpe det blir mat nok til alle!
Bileter frå thanksgiving-middagen får komme i morgen.



Ønsker alle ein god takksigelsesdag :)

LinkWithin