lørdag, september 22, 2012

Hylla på plass!

Då he vi fått på plass den heimesnikra hylla vår på soverommet! Godt nøgd med alle baggane den tok unna:)

God helg!

torsdag, september 20, 2012

Hylleprosjekt

Idag starta vi på eit hyllesystem vi skal ha på soverommet. Har mange store bagga med diverse klede for regn, vinter, ski og fjellaktiviteter som no kun står i en haug på golvet, og man skal sjølvsagt alltid ha noko i den underste baggen.
Her mala vi plate som skal kappast opp til 6 hyller og Christopher har starta arbeidet med å lage klar veggfesta til hyllene:)

lørdag, september 15, 2012

Nye regneklede

I dag var vi og kjøpte nye regnklede fra H/H WorkWear kolleksjonen til Jill-Alice! Kleda måtte sjølvsagt testast ut, og dagens oppgåve var å lokalisere stikkrøret til huset og koblinga til hoved-vannrøret.

Sidan vi ikkje veit kor nokon av røra ligg var det berre å grave seg fram med grafse og spade, og timesvis av regn, gjørme og graving seinare har vi endelig funne både rør (stålrør:/) og tilkobling! Til vår store glede var det også kobla på ei stoppekran til røret vårt:) Det er kjekt å ha når vi skal bytte vannrør.
Skal bli godt med litt friskare vatn i springen;)

Regnkleda besto testen med glans og arbeiderane var like tørre etter ei avsluttende dusj med spylerslangen!

tirsdag, september 04, 2012

Nye sambuarar

Idag flytta Sigfus og Marie inn hos oss! Dei har nytta heile dagen til å lukte på kvar ei einaste krå og duppedings i huset for å gjere seg kjende.

Det ser no ut til at dei har godtatt den nye boligen og tatt kvelden i den einaste godstolen vi har her i huset;)

At det e koooooselig med katta i hus skal iallefall vere sikkert!

LinkWithin