søndag, mars 13, 2011

Sjokoladeterapi

Laurdag tok jentene Jill Alice, Sonja og Lene fatt i slikkepotten og stavmikseren for  ein real bakedag.Med sjokolade som hovudingrediens, endte vårt søk etter gode oppskrifter på kokosboller og bamsemumskake.


Ingen av oss hadde laga kokosboller før så det blei ein spennande prosess med prøving og feiling.
Vi brukte ei oppskrift fra Dagbladet med kokosbolle-fyll:
4 eggekviter
300 g sukker
6 gelatinplater

Her erfarte vi at sukkerkorna ikkje fikk nok væske og dermed kunne vi tydelig kjenne sukkerkorna når vi smakte på marengsmassa. Korleis kan vi komme unna dette?
Eit forslag vi har er å blande ut sukkeret i gelatinen og dermed få smelta det før det blandast i eggekvitene. Eventuelt må ein prøve å la det stå i miksaren i lengre periode.

Sprøyta fyllet på mariekjeks og plasserte dei tolmodig i kjøleskapet...heldigvis hadde vi eit par slikkepotter å smake på ;)

Sjokoladetrekk:
150 g kokesjokolade
25 g delfiafett
ca. 2 dl kokosmasse.

Medan vi venta på at sjokoladefyllet på kokosbollane skulle stivne kokkelerte vi i hop ei bamsemomskake.
Åja, den inneheld bamsemoms og det kan vel ikkje bli anna ein godt?
Oppskrifta på Bamsemumskake fann vi på "Det søte liv":
  
3 store egg
3 dl sukker
150 g smør
0,7 dl kakao
0,5 ts bakepulver
2,5 dl kveitemjøl
15 stk Bamsemums

Glasur:
0,5 dl kremfløyte
100 g kokesjokolade

Vi lot den stå i ovnen i 52 minutter på 160 grader og resultatet blei FANTASTISK!

 Kaka var som ein diger brownies med deilige overraskingar av bamsemums inni.
I oppskrifta stod det "dødsgod" og vi kan absolutt bekrefte dette :)

Treng du sjokoladeterapi er denne kaka det riktige valget! 

Tusen takk for ein fantastisk bakedag jenter ♥

8 kommentarer:

Unknown sa...

Ditta MÅ mej jer ijen! Kjempekosla :D :D :D

Hilde sa...

Herregud, detta såg fantastisk ut! Skjønna kor i burde vor i helga.... Bra dåkkå kosa dåkkå :)

Veronica sa...

åååååååååååå, dokke laga so masse gøtt!!!

Jude sa...

nam, nam og NAM! Ej mæ treng sjokoladeterapi - eller - ej treng vel egentli d motsatte - sjokolade rehab! hih:) Såg njudla gøtt ut!

tips: www.passionforbaking.com

Unknown sa...

Oj.. Jekk opp et lys for mej at kansje d e sjokoladerehab ej skulla hatt.. :(

Jill Alice sa...

Rehab skal vi ikkje ha snakk om..Sjokolade e viktig og det må nytast ved jevne mellomrom! Små gleder i helgedagen ;)

Hilde: No e det på tide du tek dej en tur snart, då kan vi ha ein ny sjokeladeterapi-bakedag!

Forresten VELDIG koselig med så mange kommentara ♥

Hilde sa...

Ja, d e absolutt på tie, Jill Alice... =)

Anonym sa...

åhhhhh.....dina bamsemumskaka der skal prøvast....
beate

LinkWithin