onsdag, mars 30, 2011

Famileweekend på Oppdal

I helga leigde vi Tieto-hytta på Oppdal og samla 7 voksne og 7 barn til ei koselig familieweekend.


Ein velkjent formel seier: søl = kokker*n, der n står for antall. Vi tok derfor på oss ansvaret for middag og lunsj.
Ukjent med tilgang på kjøkken og redskap gjorde vi mest mogleg klart på førehand – proaktivt nok, men i tillegg printa vi menyen på eit ark for offentleg gjønagang. Då kunne verken store eller små  komme med ubegrunna klager rundt bordet, noko dei heller ikkje gjorde. På den nokså barnevennlege hyttemenyen sto det taco, pizza, hamburger, baconpølse og graut. Månedens deal på Prix er forresten kjøttdeig og tortillas, samt hamburgerbrød og beef hamburger ;)

Hytte-weekenden starta med snøvkave og ruskevêr, men på fredag formiddag tok skyene og vinden seg ei lita pause så vi fikk nokre flotte timar i trekket.


I tillegg til å ha Stølen alpintrekk 100 meter opp i bakken hadde vi ein stor snøhaug i hagen. Denne blei flittig brukt til akebrett-hopp og snøhol.
Til ungane si store glede blei det også litt tid til eit snøvbad ;)

Tusen takk for ei fantastisk helg ♥

1 kommentar:

Unknown sa...

DER HE EJ MÆ VØR!!! hihi..

Verka ut so ei sjikla kosla helg å du va veldi kul me plaster i tryne ;P

LinkWithin