Viser innlegg med etiketten Trondheim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Trondheim. Vis alle innlegg

søndag, desember 11, 2011

Julemiddag i Klostergata

Søndag 11.desember diska vi opp med heimelaga julemiddag for dei stressa studentane i huset som premie for ihærdig innsats i eksamensperioden.

Starta tidleg med tilberedning av tilbehøret: f.v Kålrabi til rabbestappe, surkål, rødkål og poteter!

Svineribba vart dynka i salt kvelden i forvegen i håp om god smak på svoren.

Christopher trylla fram ein kryddermiks som vi krydra ribba med før steiking.
Julemixen bestod av salt, pepper, allehånde, ingefær og nellik.

Ribba blei lagt i forma med svoren ned og så fylte vi på med så mykje vatn at det dekte svoren.
Etter 1 time på 170 grader snudde vi ribba og lot den stå i 1 time til. Fulgte med temperaturen på ribba så den ikkje skulle bli over 75 grader.
Tok ut ribba og varma opp ovnen på høgaste varme (sidan grillfunksjonen ikkje fungerar i ovnen vår)

Avslutta prosessen med å sette ribba på høgaste rille og jevnlig helle over kraft over svoren.
Sakte men sikkert blei svoren meir og meir sprø, og vi vart meget fornøgd med dette resultatet!

Miksa rabbestappa med stavmikser for å få god konsistens. Legg merke til "Chef´s Tanta"-forkledet mitt som eg fikk av nevøane mine i fjor jul:)

Kokken Christopher i gong med å skjære opp svineribba og ein skrubbsvolten Torgeir følger ivrig med.

Klostergata 12:
Sondre, Sina, Grethe, Lene, Torgeir, Jill Alice og Christopher :)

onsdag, mai 25, 2011

Fantastisk gebursdagshelg!

I helga feira Jill Alice & Christopher heile 54 år = 25 år + 29 år :)

Det blei ei minnerik helg med gode vener, strålande vêr, god mat og mykje moro.

Christopher var først ut til å bli overraska med heimelaga sushi til middag!


Dagen etter var det eg som stod for tur. Nyvokna, ikledd nattkjole og på vei til dusjen blei stillheita broten av 5 hærlige venninder som stod gøymt på fellesstua og sang bursdagssangen for full hals!
Alle hadde sagt til meg at dei var opptatt dinne dagen, slik dei ikkje kunne kome før på kveldingen. Snakk om å bli lurt trill rundt og overraska til dei grader! Fantastisk kjensle ♥


Jentene hadde handla inn til frukost og vi kosa oss med god mat :) ...men det stoppa ikkje der.
Dei hadde nemleg fullt program for formiddagen med prøving av brudekjolar, kaffikos og lunsj! 
(kan sjølvsagt ikkje legge ut bileter frå brudesalongen ;))



Så blei eg frakta tilbake til Klostergata der Christopher og gode hjelparar diska opp med biff med bearnaisesaus til middag! Fantastisk godt og utrulig koselig med så mange gode vener på felles middag :)









Kva er vel ein gebursdag utan kakebord, gaver og godt selskap? Det blei iallefall ei heilt fantastisk gebursdagshelg!






Tusen takk til alle mine gode vener som gjorde ditte til ei minnerik helg :D


Blomster i bursdagsgåve frå Christopher til Jill Alice ♥

tirsdag, mai 17, 2011

17.mai i Trondheim

Hipp, hipp, hurra-hurra-hurra!!

Frukost er viktig for å få ein god start på dagen!
Borgertoget nede i Midt-byen. God stemning og mykje underhaldning. Likte spesielt trampoline-showet!
Pølser på 17.mai. Treng vi sei meir?
Dagens kjæledyr. Dingla i alle tre og blei bestevenn med Sonja :)
PS: Legg merke til Sonja sin fantastiske neglelakk!!


Dagens kakebord i Klostergata: Barnas beste og rullekake med ferske bær :)

Gratulerer med dagen alle sammen ♥

torsdag, februar 10, 2011

ISFiT er straks igang!


Vi har registrert oss som vert for ISFiT, og i natt klokka 01.00 skal vi plukke opp våre to gjestar på Samfundet. Cirka 500 deltakarar frå 104 land kjem til Trondheim og skal pjaske med forskjellig. Vi treng berre å stile med frukost og seng(som vi fortsatt manglar..). Vi ønsker oss lykke til med gjestane og håper det blir eit givande besøk!

PS: Du kan støtte deltakarane økonomisk med å gi ein donasjon her.

fredag, juni 11, 2010

Roadtrip på E6

I helga var vi fjøsavløysarar på heimgarden på Rogne, slik at foreldre til Jill Alice kunne reise på kor-stemne. Så lenge kyrne er med på notane er det eit rett hyggeleg stykke arbeid.


Her er bilete av to kviger som akkurat har fått kome ut på somarbeite, og fortsatt veldig nysgjerrige på kva den kjekke cowboyen driv med.

Laurdag blei det så bestemt at vi skulle ta turen til Oslo med nokre "småting" til systera m/samboer til Christopher. Ein strøken Mitsubishi L300 tok oss strake vegen, fullasta med verktøy, senger og og diverse baby-utstyr.
Dei har akkurat flytta inn i nytt hus, og i tillegg har dei termin på sin fyrstefødde denne veka. Vi fekk hjelpt dei med litt av kvart praktisk arbeide som montering av hyller og skap og senger, noko som alltid er kjekt å få i orden!

Etter eit par dagar i Oslo, og fortsatt ingen ny verdsborgar, måtte vi turen til Trondheim for å finne ny leilegheit.
Finn.no, hybel.no og andre annonse-nettsider vart saumfart, og vi fann eit par interessante objekt og ordna visning!
Dagen etter og to visningar seinare har vi no skreve kontrakt på ein flott bygård i Klostergata, like ved der vi har budd. Her skal vi dele fellesrom saman med 3 andre, men sidan vi er vant med 8 fra USA trur vi at dette skal gå veldig fint!


View Larger Map

Spennande :)

LinkWithin