torsdag, september 29, 2011

Leverposteiguttane

To hærlige gutter fra Knutgarden ønsker gjerne å komme på Leverposteiboksen og 
DU kan hjelpe dei ved å STEMME!! 


Vi heia på dåkke! 
Klem tante Jill Alice og onkel Christopher :)

torsdag, september 22, 2011

London, here I come

 Idag reiser eg på teambuilding-tur med jobben til LONDON! 

Frå torsdag til søndag skal vi kose oss med serverdigheiter som London Eye, Wembley Stadium, cruise på Thames, musikaler og shopping, i tillegg til godt sosialt lag og god mat! 

Gleder meg masse :)  God helg alle sammen!! 


tirsdag, september 20, 2011

Cookies

Snilde Hilde på jobb gav meg her ein dag ei oppskrift på glutenfrie cookies og i helga gjekk eg inn for å gi den eit forsøk :)

Samlebilete av alle ingrediensane (utenom sjokoladen). Skal ikkje så mykje til!

Cookies:
100 gr romtemperet margarin/smør
75 gr sukker
75 gr brunt sukker
1 egg
1 ts bakepulver
130 gr fin mjølmix
Oppskrifta anbefalte Toro kakemiks, men eg prøvde meg med Semper Fin Mix

Miks smør og sukker kvitt, og bland inn resten av ingrediensane.

Når cookie-deiga er ferdig blanda er det berre å mikse inn det man ønskjer av goodies som sjokoladebitar, nøtter og rosiner :)

Steik dei midt i ovnen på 180˚C i 9-11 min

Litt ivrig plasserte eg alle porsjonane på eit brett utan å tenke på at dei ville sige utover....

...dermed blei det 1 kjempe Cookie! 

Dei var litt porøse i konsistensen så løysinga blei å bryte dei opp og momse dei i seg! 
Mhmmm, eller som Mr. Melk ville sagt det: Det smake gååått!
Koseleg helgekos blei det iallefall med kaffi, cookies og fyr i peisen. 


Eller iallefall lys i peisen...når ein ikkje har ved lett tilgjengeleg fungerar det veldig bra med kubbelys i peisen. Blir ikkje varmt, men ser like koseleg ut ♥



søndag, september 18, 2011

Nytt fotokamera!

Som dei storforbrukarane vi er av fotokamera har vi no gått til innkjøp av eit flunkande nytt Samsung WB650! Men hadde ikkje vi akkurat kjøpt nytt kamera?


Grunnen til at vi byttar ut vårt forrige kjøp innan 1 år er rett og slett at ein viss mister Stern ikkje finn igjen kameraet vårt etter han tok det med på jobbtur til Oslo...

Det forrige kameraet, et SONY CyberShot HX5V, blei valgt etter grundig gjennomgang av svar fra internetts mange testpanel. Då vi eigentleg ikkje har vore så veldig fornøgd med dette kameraet gjekk vi denne gong for eit nytt merke - SAMSUNG. 
Sidan kjøpet blei gjort litt på impuls og ingen bakgrunnsjekk utført leika vi istaden plagsomme kundar på Elkjøp der vi kom med 3 enkle krav:
Krav 1: GPS - dette eliminerte alle utanom 3 kamera. 
Krav 2: Ikkje SONY - nok eit kamera eliminert
Krav 3: MPEG4 format på film - gjer at filmen kan importerast direkte på iPhoto på Mac og dette kravet gjorde at vi satt igjen med kun 1 valg: Samsung WB650.

Kameraet skal no effektivt testast på alle mulige måtar innen dei 30 dagane for returrett til Elkjøp har gått ut, så unngår vi eit nytt år med eit kamera vi ikkje er nøgd med. 
....og ein ting skal vere sikkert: det er utruleg kjekt med ein ny duppedings :)

onsdag, september 07, 2011

Jubilantfeiring i Geiranger


Helga 12.-14- august samla familien Nogva seg i Geiranger for å feire det fantastiske kjæresteparet Audhild og Jon (mamma og pappa til Jill Alice) som var julbilantar omtrent på dennen tida.
Det blei ei flott helg med fjelltur til Storseterfossen, bading i bassenget, mykje god mat, gaver og sang.
Gruppebilde: Mor og far, 4 barn + følge og 9 barnebarn :)
(minus dei to minste som ikkje var med på turen..)

I au-gust skulle være fest
for alle ville feire,
foreldra fyller seksti-pluss,
det kaller vi å seire
Søte, snille mamman vår,
fyller seksti år i år.
Hei hurra for pappa no
som er blitt sekstito"


Moro med tante og onkel blei det også tid til og etter mykje trening på symjetak, flyting, dykking, vannbomber og dansing blei det diplomutdeling til alle utøvarane med tilhøyrande stor godtepose! Dei ser kanskje ikkje så glad ut på biletet under, men skal love at det var monge gledesblikk når kvar fekk vite kva dei var best til denne helga :)
Titlane dei blei nominert til var: Beste ballett, raskeste fjellgåer, beste undervannsvømmer, beste ryggflyter, beste dykk, lengste ballkast og kraftigste plaskebombe!




Må få lagt inn et bilete av den fantastiske regnbuefossen som ingen kunne unngå å legge merke til under frukosten etter alt oppstyret Karin laga då ho såg den ;) Morosamt var det iallefall for oss som var der. 

Klare du å sjå den? 


Takk for ei flott helg i fantastiske Geiranger ♥

søndag, september 04, 2011

Sommaren 2011


På tide med ei lite oppsummering på ka sommaren 2011 he bydd på for Jill Alice & Christopher! 

 Øyacup 2011 på Longva. Her er superlaget HaNo AllStar i gang med kampen mot Brattvåg. AllStar laget bestod av alle fraflytta damer som i sine tidligere glansdager spelte på HaNo damelag :)

 Jill Alice & Sonja Pernille
Kjem til å sakne deg når du no ikkje skal bu i Trondheim lengre!






Nevøane våra William og Philip er ivrige oppteljarar av pengebeløpet fra årets bursdagsgåver,
medan Leon og Julian er ute å testar syklar.





Alltid kjekt å kome på besøk til guttane på Knutgarden :)


 Stell av grava til farmor og farfar. Koseleg ♥


 Mamma og pappa er alltid like spreke! Her er det avreise med båten for å delta på Ålesund Båtfestival.

Samling av gode vener høyrer sommeren med. Tre vakre damer; Sonja, Tone og Julie!
Ein stor gratulasjon sendes også til Sandra Marie som blei forlova med sin kjære Emanuel i sommer. Gratulerer så mykje til begge to! Dåkke er heilt fantastiske og det er ingen tvil om at dåkke er meint for kvarandre ♥





På sunnmøre er det også vakker natur som må nytes. Etter ein liten fisketur i Straumen havna 4 blanke makrell på grillen for å bli røykt! To kjekke tauser frå Tomrefjorden var også så snilde å invitere oss med på Fjellfestivalen på Åndalsnes! Som dei glade "Ja"-menneska vi var i sommar var svaret enkelt og vi fekk oss ein flott tur. 


 Når telta var på plass var det klart for eit herremåltid på grillen av kokken Christopher og mykje kos!
 Dagen etter var styrkeprøva å komme oss opp på Gridsetskolten for å sjå på World BASE Race. Dessverre ingen bileter frå det.. men eit flott oversiktbilde av Innfjorden ;)


"Ut på tur, aldri sur" - Hilde, Ingrid og meg!


Matpause i byrjinga av Trollstigen! Kjekt å leike turist i eige fylke når vi har så vakker natur :)


 Tok også ein tur innom Gudbrandsjuvet og gruppebilete er sjølvsagt på sin plass!
Medbrakt, nyinnkjøpt krokket-spel var ein slager hos familien på Fjelltun. Det blei ivrige diskusjonar om reglanedå det er lenge sidan sist, og vi måtte avskaffe regelen om å "klunke" vekk andre kuler!

Som premie laga niesa vår Ulrikke og venninda glutenfrie muffins til alle krokket-spelarar!

   
Her er vi på koseleg besøk hos mormor til Christopher. Ho (og vi) er veldig glad i softis så vi tar ofte med ein "liten" smak når vi skal på besøk. Måtte ta med bilete av dunder-isen som så vidt får plass i begeret ;) 
MoldeJazz og to flotte konserter på Romsdalsmuseet: Kaizers Orchestra og Jarle Bernhoft Band, medan Røyksopp dessverre blei avlyst pga dei tragiske hendingane den 22.juli. 




6. juni starta Christopher i sin første jobb som sivilingeniør hos Norconsult og han trives veldig godt i jobben som rådgivande ingeniør :)
"Norconsult er Norges største og en av Nordens ledende tverrfaglige rådgivere rettet mot samfunnsplanlegging go prosjektering" sitat fra Norconsult.no
Atlanterhavsvegen - ein flott og vindfull tur saman med Emily :)

Fant oss også eit minnesmerke: Tingstedet på Bremsnes. 

"Sagnet forteller at Harald Hårfagre eksproprierte dette høvdingsetet, og gav det til sin venn Ragnvald Mørejarl. Videre sies det at kong Harald inngikk et veddemål med Ragnvald Mørejarl om at han verken ville klippe hår eller skjegg før han hadde samlet Norge til et rike. Denne lovnaden holdt kong Harald , og etter slaget i Havsfjord i år 872 kom kongen tilbake til Bremsnes og lot hår og skjegg falle ved steinringen, som den står i dag. Ringen har 8 store steiner med den største i sentrum."



Vår minste nevø i full gang med vakker musikk på kjøkkenet. Godt fornøgd :)


På slutten av sommaren var vi også så heldige å få besøk av mamma og pappa til Jill Alice i Trondheim. Det blei sightseeing, god mat, sushi-opplæring og nyting av den vakre sommersola som titta fram!

Vil avslutte oppsummeringa med eit flott minnesmerking fra Trondheim sentrum. Hendinga 22.juli vil nok stå igjen som ei sterk påminning om kor fort ting kan endre seg og kor viktig det er å nyte kvar ein dag ein får med sine kjære ♥

LinkWithin