onsdag, april 13, 2011

Taco Lasagna Pizza - 3 ønsker på en gang?!

Taco leftovers i kjøleskapet og i beit for middag, kva gjer ein då etter 3. dagen med ulike texmex variantar?
Ein pakke soft-tortillas og litt fantasi resulterte i denne oppskrifta:
3 stk soft tortillas
200 gr taco-kjøttdeig
Taco-tilbehør

Legg ein stk tortillas nederst for å unngå fastbrent saus i forma.
Lag 1: Salsa, brune-bønner og halve kjøttdeiga.
Lag 2: Rømme, paprika, tomater og ost
Lag 3:Salsa, rømme, tacokjøtt, bønner og resten av tomatane + ost på toppen til gratinering.
Sett forma i ovnen og ver tolmodig!
Vi tok den ut litt for tidleg og då var den kun lunken inni, sjølv om den såg ferdig ut. Vil anbefale at den står minst 30 min på 180 grader :)



Fin variasjon  til standard taco og nydelig godt! Verdt å prøve :)


onsdag, april 06, 2011

Frieri på fjellet!

1. april og nesten på dagen 4 år etter vår første date i skitrekket på Stranda gjekk Christopher på kne på Vassfjellet for å fri til si kjære Jill Alice...iallfall så knesåande ein kjem med slalomski på beina.

For spesielt interesserte kan vi nemne at ringen er ein såkalla «en-steins» friarring i kvitt gull. Her er det etterkvart mange skular som gjeld: Nokon byrjar, som vi, med ein ring til jenta og kjøper forlovelsesringar saman. Seinare kan ein gravere forlovelsesringane med dato eller kjøpe dedikerte gifteringar. Vanligvis er det brura som får oppdatert smykkekolleksjonen, og mannen held seg til ein ring. Om jenta vil er litt heldig kan ho altså ende opp med 3 ringar! Kva vi gjer gjenstår å sjå.

Uansett så er vi lykkelig forelska og strålar om kapp med påskesola! Jill Alice nyt kvart eit blikk på den vakre ringen og tanken om at vi no er trulova til kvarande varmar hjartet ♥

Ok, dette blei kanskje litt vel sukkersøtt, så håpar dette bilete kan avslutte med meir enn 1000 ord til;)


LinkWithin