søndag, februar 06, 2011

Klypa i Trondheim

I går var vi på Byscenenen og såg Klypa-showet "Laaangt over streken". Det begynte bra med at vi hadde 2 kopiar av same billett, og i tillegg hadde dei to andre i følget lagt igjen billettane heime. 4 personar og 1 billett altså. Etter litt fram og tilbake lot dei oss passere med å vise pdf-versjonen som vi lasta ned på telefonen. Stadig vekk viser smart-telefonen med internett og epost å vere ein god idé...

 Trass i ein trøblete start blei det ein triveleg kveld med mange gode latterkuler. Spesielt når bussjåføren Kjellen kom på scena :)

Mannen bak Klypa, Thomas Ryste, imponerte også stort på musikkfronten med mykje god musikk og sang imellom vitsane.

2 kommentarer:

Jude sa...

Smeis:) ikkje værst!! d hjalp no sikkert litt at dåkke va sunnmøringa mæ :p

Jill Alice sa...

Jau va absolutt ein fin laurdagskveld :) trur nok det var fleirtal av sunnmøringar tilstede ja :)

LinkWithin