Viser innlegg med etiketten Oppskrifter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oppskrifter. Vis alle innlegg

tirsdag, september 20, 2011

Cookies

Snilde Hilde på jobb gav meg her ein dag ei oppskrift på glutenfrie cookies og i helga gjekk eg inn for å gi den eit forsøk :)

Samlebilete av alle ingrediensane (utenom sjokoladen). Skal ikkje så mykje til!

Cookies:
100 gr romtemperet margarin/smør
75 gr sukker
75 gr brunt sukker
1 egg
1 ts bakepulver
130 gr fin mjølmix
Oppskrifta anbefalte Toro kakemiks, men eg prøvde meg med Semper Fin Mix

Miks smør og sukker kvitt, og bland inn resten av ingrediensane.

Når cookie-deiga er ferdig blanda er det berre å mikse inn det man ønskjer av goodies som sjokoladebitar, nøtter og rosiner :)

Steik dei midt i ovnen på 180˚C i 9-11 min

Litt ivrig plasserte eg alle porsjonane på eit brett utan å tenke på at dei ville sige utover....

...dermed blei det 1 kjempe Cookie! 

Dei var litt porøse i konsistensen så løysinga blei å bryte dei opp og momse dei i seg! 
Mhmmm, eller som Mr. Melk ville sagt det: Det smake gååått!
Koseleg helgekos blei det iallefall med kaffi, cookies og fyr i peisen. 


Eller iallefall lys i peisen...når ein ikkje har ved lett tilgjengeleg fungerar det veldig bra med kubbelys i peisen. Blir ikkje varmt, men ser like koseleg ut ♥



tirsdag, mai 31, 2011

Mine første glutenfrie rundstykker!

Etter å ha blitt lettare overraska over konsistensen på glutenfri deig når eg skulle lage pizza bestemte eg meg for å prøve meg på ei brøddeig. Istaden for å kaste vekk masse dyrt mjøl på eit mislykka brød laga eg no kun 1/4 brøddeig fordelt på 6 rundstykker.

Første ein må vite, som eg har lært av eit par timar på internett, er at glutenfri deig skal vere blaut, men tjukk. Akkurat som ei brownies deig. Har også lest at mange bruker noko som heiter fiberhusk eller Psyllium for å få meir normal konsistens på deiga, men det får bli til neste forsøk.



Oppskrifta eg brukte var den som stod på "Grov Mjölmix"-pakken fra Finax. 
4 dl vatn (37˚C)
25 gr gjær
1,5 ss sirup/sukker
1 ts salt
2 ss olje/25 gr margarin
400 gr glutenfritt mjøl


Tilsatte alle ingrediensane i ein bolle og miksa i maskin i minst 5 min. Etter tips på nettet brukte eg ballongvisp og ikkje eltekrok. Sukker eller sirup i deiga er vist viktig i glutenfri deig for å få den til å heve/gjære godt. 

Når deiga er ferdig med kna-prosessen i kjøkkenmaskina er den klar for heving. Dersom du lagar brød er det berre å helle røra direkte i ei smurt brødform, men eg skulle prøve meg på rundstykker..


For å enkelt fordele deiga i små boller på bakepapiret helte eg den i ein plastikpose som eg så klipte av enden på. For å unngå masse deig oppover posen nytta eg eit litermål som poseholdar! Lurt, ka?


Spent satte eg rundstykka til heving, og etter ein times tid (trengte berre å stå i 35 min i følge oppskrifta) var dei sege godt utover til store cookies. Hadde vel håpa at dei skulle heve litt meir i høgda, men slik blei iallefall resultatet :)


Glutenfritt brød smaker ikkje slik som vanleg brød, men når du ikkje forventar deg samme smaken er det overraskande godt. Litt anna konsistens og den ser litt plastik-aktig ut, men som du ser på biletet så ser dei heller ikkje så verst ut.



Godt fornøgd med første forsøk :)

mandag, mai 30, 2011

Rask kake = rullekake

Av og til treng du ei kake i ein fei og då kan eg verkeleg anbefale rullekake.
Eg laga det for fyrste gong til 17.mai i år og blei rett overraska over kor enkelt og raskt det var å lage ei så god kake :)


Oppskrifta fant eg på "Det søte liv..." og oppskrifta heiter Jordbærrulade.
Ingredienser:
4 egg
180 g sukker
60 g kveitemjøl
70 g potetmjøl
0,5 ts bakepulver
(Glutenfri versjon: Bytt ut kveitemjøl med potetmjøl)

Fyll:
3 dl kremfløyte
1 dl melis
1 kurv jordbær
(brukte litt ekstra kremfløyte til å dekke utanpå)


Piskar eggedosisen leeeeeeeeeeeeeeenge!
I det siste har eg latt mikseren gå medan eg har gjort andre ting og resultatet har vore ein særs luftig sak. La den stå å gå i 10-15 min.
Bland forsiktig inn det tørre så du ikkje rørar ut lufta av eggedosisen og hell røra i ei stor langpanne (30x40cm) som du har dekt med bakepapir. Eg prøvde meg på ei litt mindre langpanne og dette resulterte i at kakebunnen blei ganske tjukk. Til tynnare bunnen er til enklare er det nok å snurre den fin etterpå.

Kaka skal kun stå i 8 min på 210˚C. Når den var ferdig skal du snu den over på eit handklede med sukker på og legge langpanna over så bunnen ikkje blir tørr.

Nå er det tid for fyll! Pisk krem av kremfløyta tilsatt melis. Husk at kremfløyta må vere kjøleskapskald for at kremen skal bli luftig og fin!

Når bunnen er kald nok kan kremen smørast utover og dryss så på med deilige bær. Skjær i små biter, så blir det enklere å rulle. Her er det kun fantasien som stopper for kva bærtyper og smaker du vil ha inni rullekaka. Denne gongen prøvde eg meg på den klassiske typen med ferske jordbær og bringebær.


Når alt ser veldig godt ut er det berre å starte i eine enden av bunnen og rulle. Ver forsiktig sidan bunnen kan sprekke.
For å gjere kaka fin skjær du av endane og pyntar den utvendig med krem :)


Sidan det var 17.mai denne skulle serverast pynta eg den i dei norske fargane raudt, kvitt og blått :)

lørdag, mai 14, 2011

Ølbrygging

Etter eit besøk hos ein kollega på jobb som er ein ivrig brygger av øl fekk Christopher ny giv til å starte oppatt bryggeriet. Vi hadde kosta støvet av utstyret i påska og tok det med til Trondheim.
Første forsøk på øl vart eit Coopers Lager frå Australia.

Skal ein gjere det heilt frå bunnen av må ein dyrke og malte kornet sjølv, men det er vanleg å kjøpe inn ferdig malt og koke vørteren sjølv. Det krevst litt meir utstyr enn vi har for handa i dag, men veldig omfattande er det ikkje.

Prosedyren er enkel, einaste ein treng er nøyaktighet og god tid. Eit vellykka øl er kanskje litt meir arbeid enn skissa under gir uttrykk for, men når ein får det litt i fingrane går det greit. I ølbrygging er sterilt utstyr og rett temperatur viktige stikkord.


Først starta vi med blandinga:
Settet inneheld hermetisert konsentrert maltblanding krydra med humle og ein pakke gjær. Malten rørast godt saman med eit par liter kokande vatn og mengder med sukker(1kg) i følgje oppskrifta - vårt første øl bryt nok renhetsloven fra 1857. Ein kan visstnok med fordel bytte ut sukkeret med spraymalt, som er tørka konsentrert malt.


Temperaturen blei nøye fulgt når omkring 18 liter vatn skulle tilsetjast. Det er viktig med riktig temperatur for at gjæra skal oppføre seg som ein vil. 43˚C som på biletet er altså for varmt.
Ein typisk pilsnerøl skal gjærast på 10-15ºC, medan ein ale skal stå på 15-25ºC. Kaldaste rommet vårt er vaskekjellaren med 15ºC...

Blandinga endte på omkring 23 liter og 16˚C da gjæra blei tilsatt og rørt inn. Med 16ºC forventar ein litt å få litt fruktighet, dunken stod også i romtemperatur første døgnet til gjæringa starta skikkelige.

Pinnen i midten av skummet er ei Oechslevekt.
Sitat fra Bryggewiki: "Oechslevekt (uttales økselvekt) er et måleinstrument som måler egenvekt til væsker. Det består av en glasskoble som senkes i væsken som skal måles og en skala som viser hvor dypt vekta flyter. Til brygging brukes dette for å finne sukkerinnhold i vørter og beregne alkoholinnhold i ferdig øl."

Dunken er tetta og gjærlåsen er på plass - no er det berre å vente tolmodig på at gjæra gjer seg ferdig! Dette tek vanligvis 7-14 dagar avhengig av temperatur.

Etterkvart gjenstår berre å flaske og lagre ølet, og etter endå litt venting, 2 til 12 veker, skal det etter boka vere ferdig.
Dette blir spennande :D

onsdag, april 13, 2011

Taco Lasagna Pizza - 3 ønsker på en gang?!

Taco leftovers i kjøleskapet og i beit for middag, kva gjer ein då etter 3. dagen med ulike texmex variantar?
Ein pakke soft-tortillas og litt fantasi resulterte i denne oppskrifta:
3 stk soft tortillas
200 gr taco-kjøttdeig
Taco-tilbehør

Legg ein stk tortillas nederst for å unngå fastbrent saus i forma.
Lag 1: Salsa, brune-bønner og halve kjøttdeiga.
Lag 2: Rømme, paprika, tomater og ost
Lag 3:Salsa, rømme, tacokjøtt, bønner og resten av tomatane + ost på toppen til gratinering.
Sett forma i ovnen og ver tolmodig!
Vi tok den ut litt for tidleg og då var den kun lunken inni, sjølv om den såg ferdig ut. Vil anbefale at den står minst 30 min på 180 grader :)



Fin variasjon  til standard taco og nydelig godt! Verdt å prøve :)


lørdag, februar 26, 2011

JC tacoskole del 2!

Etter suksessen med heimelaga taco-krydder blei vi inspirert til vise kor enkelt ein kan lage tortillas! Vi haldt oss til heimelaga lefser og kryddermiks, altså ingen sjølvdyrka salat eller nykverna kjøttdeig i denne omgang.


Jill Alice og Sonja viser seg som flotte kjerringemne, i full sving med å kjevle ut flotte lefse-emne.

Tortillas (5 stk):
50 gr maismjøl (IKKJE maizena)
80 gr kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts salt
4 ss olivenolje
0.5 dl vann

Bland ingrediensane til ei fin deig som ikkje kleimar.
Vi har prøvd å la deiga stå litt, men det viser seg at den er enklare å kjevle og handtere med ein gong.

Pass på at diameteren på lefsa ikkje blir større enn steikepanna!
Tjukkelsen er det ingen fasit på, men ca 1 mm tykkjer vi er eit bra utgangspunkt. Vert dei for tjukk har dei det med å knekke lett. Her i huset lagar vi dei så tynn som vi klarer å få dei.

Bruk ei tørr steikepanne og la den varme seg godt opp på full guffe. Lefsene skal kun ligge i ca 30 sek på kvar side. Blir boblene brent er det for varmt og om det ikkje boblar er det for kaldt. Her må du berre prøve deg fram, same som når ein skal steike pannekaker, det trengs eit par forsøk før ting sitt :)

Resultatet blir ei mør og lett lefse som nærmast smeltar i munnen, ikkje samanliknbar med hundeskinnet dei sel i butikken.

Det er ABSOLUTT verdt det lille ekstra arbeidet og går mykje fortare enn du trur(etter litt trening).

God helg :)

fredag, februar 18, 2011

Heimelaga tacokrydder

Det er fredag og straks helg. I god norsk moderne tradisjon er tex-mex eit populært innslag på middagsbordet. Vi har studert kryddermixpakken på butikken og dekomponert innhaldet og gjort vår eigen versjon av denne. Utan å ha rekna på det vil vi tru at stykkprisen kjem langt under dei 10-15 kronene pakken på butikken kostar.

Prisen er ikkje så viktig, er jo veldig stas å kunne vere sjølvberga, samt at ein har full kontroll på innhaldet. Spisskummin er den dominerande smaken vi kjenner att, men i eit ekte meksikansk kjøkken er den faktisk ikkje så dominerande.
Oppskrifta vi brukar er omlag slik:
Kryddertyper:
Paprika, Spisskummin, Koriander, Cilantro og Chipotle.
Sidan Chipotle er ganske sterk kan det vere ein fordel å tilsette dette tilslutt ved prøvesmaking. Her har vi heller ikkje putta salt i miksen som er ein viktig bestanddel i butikkpakken (ilag med MSG/smaksforsterker).



Chipotle og Cilantro krydderet har vi bestillt fra USA på eBay.

Chipotle er tørket, røkt chili, ofte av typen jalapeño, som er mye brukt i mexikansk matlaging.(Wikipedia) Eit krydder vi fekk smaken på i USA gjennom restaurantkjeda: Chipotle - Mexican Grill

Voila: Heimelaga tacokrydder :)

Steik kjøttet som vanleg på sterk varme og litt om gongen. Om du vil ha den gryteaktige konsistensen med 1 dl vatn som ferdigpakken må du jamne med mjøl og brune nokre minutt. Mjølet tek til seg væska som kjøttet skil ut. Salt er som sagt viktig, og det kan gjere seg bra å steike litt kvitløk i lag med.

tirsdag, oktober 19, 2010

Sushi

Sushi. Kva skal vi seie om sushi?
Det er fantastisk godt når ein først blir ven med smaken og ikkje minst tanken på å ete rå fisk :)
Enklast er det sjølvsagt å kjøpe sushi på restaurant, men i Klostergata bestemte vi oss for å prøve ut heimelaga sushi!!



Sushi betyr "ris med tilbehør" så her er det berre å la fantasien ta sats!

Først måtte råvarer og utstyr kjøpast inn:
(vi fekk faktisk tak i alt dette på Bunnpris på Elgsetergata i Trondheim)
  • Bambusmatte
  • Nori (eit papir av alger eller tang)
  • Sushiris
  • Riseddik (blir vanligvis blanda ut med sukker og salt)
  • Chopsticks
  • Wasabi
  • Sylta ingefær
  • Soyasaus
Så kjem ingrediensane vi har prøvd oss på:
  • Laks
  • Torsk (dypp den i kokandes saltvatn i 1 sekund, då blir den mør og smakfull)
  • Crabsticks
  • Reker
  • Schampi
  • Avokado
  • Agurk
  • Mango
  • Vårløk
  • Philadelphia (veldig tynt lag)
  • Chilimajones (stor suksess saman med torsk og mango)
  • Rogn





Chilimajones
1 stk chili (heile med frø)
1 ss rogn
1 kopp majones


Ser ikkje dette nydeleg ut så veit ikkje eg! Det smakte iallefall heilt fantastisk og over alle forventningar!




Klostergata 12, Sondre står bak kameraet, Grethe nerdar seg på skulen.


Har du lyst å prøve deg på Sushi?

Ta ein kikk på desse filmane (det har vi gjort), veldig bra forklart:
Hva man trenger for å lage sushi.
Hvordan lage maki sushi

LinkWithin