«Prosjekt i kvardagen» er rett og slett ei lita dagbok med ulike prosjekt vi prøvar oss på. Det er ikkje snakk om store prosjekt som å byggje eit hus eller starte ei ny bedrift; nei, vi tenkjer på små daglegdagse aktivitetar som får kvardagen til å bli minnerik.
Dei fleste prosjekta våre er nokså spontane, basert på årstida, ei tilstelling eller tilfeldige behov – kva idéar som kan dukke opp er vanskeleg å spå
Mat, gleda ved praktisk arbeid, hobbyarbeid og rein nysgjerrigheit er viktige faktorar til at ein idé blir verkeleggjort.
Kanskje kan vi inspirere fleire til å gjennomføre noko dei har tenkt på over lengre tid?