Vil ynskje alle våre blogglesera eit riktig godt nyttår!
fredag, desember 31, 2010
onsdag, desember 29, 2010
Snøborg
Kvit jul på Sunnmøre er eit vakkert skue!
På garden har vi måka saman ein stor snøhaug og grava oss ei flott snøborg.
Blei skikkelig tøff når mørkret senka seg og vi fekk tent lys inni hula.
Innvendig er det god plass og ei lang sklie. Katten vår Solo var veldig entusiastisk for den nye leikeplassen :)
tirsdag, desember 21, 2010
Juleferie :)
Då er ein etterlengta juleferie endeleg i gong! Etter litt stress med å få med seg alt som skulle vere med, set vi no godt plassert bakerst i bussen på vei til Ålesund!
Glade jul :)
mandag, desember 20, 2010
Pakkekaos
I morgen reiser vi hjemmatt til jul og det er no totalt pakkekaos på rommet vårt! Mange pakker er endelig klare for å bli frakta til sine respektive juletre på Sunnmøre:) ..og fleire skal det bli!
Gledar oss veldig til å kome heim å få ein riktig god juleferie saman med familie og venar ♥
søndag, desember 19, 2010
Tida går fort!
Sat å bladde i bileta mine på mac'en og kom då over bileter frå jula 2009. Blei då nyfiken på kva vi gjorde den 19. desember 2009.
Tok meg derfor ein titt innom USA-bloggen vår og fant dette innlegget:
For nøyaktig 1 år sidan var vi nemleg i San Diego og kjøpte oss bil for å kunne ta med julebesøket på roadtrip i California. Det er heilt utruleg å tenke på at dette er eit heilt år sidan!
Huskar eg var veldig spent på korleis det ville bli å feire jul i California.
Kva gjorde du den 19. desember 2009?
mandag, desember 13, 2010
Blogganbefaling :)
Det er alltid kjekt å følge med på andre sine blogger og føle at ein får eit innblikk i kva andre brukar kvardagen sin til.
Ei tuppe som gir meg masse inspirasjon er Julie som har bloggen «Livet på Vang». Ho er kreativ og har mange gode idèar som gir flotte produkt, og det er alltid noko nytt på gong!
Godt jobba Julie, gleder meg allereie til neste bloggpost :)
"Ta dej en tur da vel"
søndag, desember 12, 2010
Karameller
Karameller er noko vi sjelden lagar og var derfor litt nyskjerrige på kor bra det eigentleg kunne bli. Vi satte igong og varma smør, sukker og sirup i ein kjele til det bobla godt. For å teste om karamellen var ferdig la vi litt oppi ei glas med kaldt vatn og dermed fikk vi sjå kor hard den kom til å bli.
Vårt første forsøk kokte litt lenge og blei dermed til eit knallhardt flak med karamell. God om ein passa på å ikkje tygge.
På forsøk nr 2 var vi litt meir forsiktig med koketida og tok den av plata med ein gong den størkna litt i test-glaset. I denne karamellen tilsatte vi også litt fløyte.
Skikkeleg god og mjuk, og kleima seg godt i tenne.
Med eit trekk sjokolade på smakte dei akkurat som Toffin ;)
Det er så kjekt at det er lov å lage så mykje godt denne månaden.
Nyt det medan vi kan ♥
Karamelloppskrift:
1 ss smør (stor ss)
1 dl sukker
1 dl sirup
1 dl fløte
Skal koke godt, men rør mykje og test ofte.
Lukke til!
lørdag, desember 11, 2010
Julebord
Fredag inviterte Tieto alle Trondheims-ansatte med følgje til julebord på Lerkendal Stadion.
Klokka 18:00 starta kvelden med «Tieto Talent». Dette er ein kopi av Eurovision for Tieto der alle land har valgt ut eit Talent som skal representere dei i konkurransen. Varierande kvalitet på framføringane men grei underholdning og mykje moro med terningkast og stemming.
Julemiddagen var veldig god og magen blei nok litt for mett..men det var verdt det ;) Under desserten fikk vi besøk av RBK maskoten «Troillet» kledd i fin nisselue.
Det blei ein flott kveld med mykje moro.
torsdag, desember 09, 2010
Pakke fra Amerika!
ENDELIG kom pakken som eg har venta så lenge på!
I starten av november bestillte eg meg nemleg «punches» frå Martha Stewart, og sidan det har eg berre venta og venta..
Det har tatt litt lang tid sidan eg måtte sende pakken på ein liten omveg innom venninna mi, Kristine Ashley, som eg budde saman med i California i fjor.
Men den som ventar på noko godt... ;)
Men den som ventar på noko godt... ;)
Sjå så mange flotte figurer! Eg er så fornøgd med mitt nye innkjøp.
Litt overlessa arbeidsbord.. skulle gjerne ha hatt eit eige hobbyrom eg kunne ha boltra meg på..
No er det iallefall ikkje utstyret det skal stå på.
Kanskje det blir laga eit par julekort i kveld ?;)
Juleklem frå Jill Alice
♥
♥
onsdag, desember 08, 2010
Dagens tabbe
Til min store overaskelse hadde Christopher laga risgraut til middag idag. Eg er nok over gjennomsnittet glad i graut og ausa med glede og iver opp to skåler graut.
Endeleg fekk vi også tatt i bruk dei nye krydderglassa våre som vi fant på IKEA.
Eg strødde på med sukker og kanel, og satte meg fornøgd ved kjøkenbordet. Første skeia i munnen og Christopher kunne tydeleg sjå at her var det noko gale! Eg hadde nemleg tatt salt i staden for sukker på grauten!!!
Snakk om nedtur:(
Endeleg fekk vi også tatt i bruk dei nye krydderglassa våre som vi fant på IKEA.
Eg strødde på med sukker og kanel, og satte meg fornøgd ved kjøkenbordet. Første skeia i munnen og Christopher kunne tydeleg sjå at her var det noko gale! Eg hadde nemleg tatt salt i staden for sukker på grauten!!!
Snakk om nedtur:(
På bilete kan du sjå alle 4 glassa med kanel, sukker, salt og flaksalt!
Dei ser litt like ut, ikkje sant?
søndag, desember 05, 2010
Risbollar
I dag har Sonja vore på besøk og vi har laga risbollar:) det er den beste julesorten eg veit om, og eg gleder meg alltid til å kome heim til mamma sine fantastiske risbollar!
Vi starta med iver og heiv oss over vannbadet, men det skulle vise seg at delfiafettet og sjokoladen ikkje ville vere venar.. Etter ein prat med meistren fant vi ut at problemet måtte ligge i at fettet blei for varmt og ville dermed ikkje komme til å blande seg. Litt småskuffa måtte vi kaste delfiafettet, men sidan alt anna var klart kryssa vi fingrane og satsa på det blei like godt uten.
Resultatet blei at dei ikkje stivna og mykje av sjokoladen endte i bunnen av muffinsforma, men dei smakte heldigvis godt :)
lørdag, desember 04, 2010
fredag, desember 03, 2010
Rattus Norvegicus
Ved midnatt i går var det fullt oppstyr i kjellaren vår med mykje desibel. Anette som bur i kjellaren hadde nemlig sett ei rotte som sprang under kjøleskapet og kom vettskremt opp til oss å spurte om hjelp.
Sondre og Torgeir tok på seg utfordringa om å vere rottefangarar. Det armerte seg med to stk vaskekostar og to stykk skoesker, og så var jakta i gang. Ein kunne nok tydleg høre på jentene som var tilskodarar når rotta kikka fram frå kjøleskapet og sprang over golvet!
Kameraet var raskt framme og fekk kapra rottefangsten på film! Snurr film
Julegåve til mor?
torsdag, desember 02, 2010
Hurtigsushi!
Heimelaga sushi gjer seg på ein kald Trondheims-torsdag;) Cirka 1 times arbeid, det går bedre og bedre heldigvis. Vi har komt til at inside-out makurull er best, men dei er ikkje like lett å få fin..vel bekomme!
onsdag, desember 01, 2010
Julestemning
I Trondheim har det i november vore den kaldaste månaden på minst 222 år stod det i Adresseavisa. Då lovar det ikkje godt at det no skal bli kaldare.. Bra er det då at det er desember og vi kan kose oss med alt det gode som høyrer jula til.
I dag vart det litt juleshopping på Solsiden, og her har dei verkeleg slått på stortromma. Området er pynta i tusenvis av lys, og både ute og inne kan du høyre koseleg julemusikk.
Julestemning blei det også på jobb i dag då eg fekk vere med å pynte juletre! Gjennom åra har det blitt litt skavankar på det stakkars plastikktreet så det hadde litt problem med å stå med rak rygg, men det blei no litt sjarmerande når julepynten kom på :) Nissane har fått heidersplassen på kontorpulten min.
♥♥♥
I desember er det også veldig koseleg med julekalender, og Lene hadde da den fantastiske idéen at vi burde ha ein felles kalender i Klostergata. Alle fekk dermed i ansvar å kjøpe inn 4 pakkar kvar og idag var bardisken vår overfylt av spennande pakkar.
I desember er det også veldig koseleg med julekalender, og Lene hadde da den fantastiske idéen at vi burde ha ein felles kalender i Klostergata. Alle fekk dermed i ansvar å kjøpe inn 4 pakkar kvar og idag var bardisken vår overfylt av spennande pakkar.
God førjulstid alle saman!
Abonner på:
Innlegg (Atom)






