onsdag, mars 30, 2011

Famileweekend på Oppdal

I helga leigde vi Tieto-hytta på Oppdal og samla 7 voksne og 7 barn til ei koselig familieweekend.


Ein velkjent formel seier: søl = kokker*n, der n står for antall. Vi tok derfor på oss ansvaret for middag og lunsj.
Ukjent med tilgang på kjøkken og redskap gjorde vi mest mogleg klart på førehand – proaktivt nok, men i tillegg printa vi menyen på eit ark for offentleg gjønagang. Då kunne verken store eller små  komme med ubegrunna klager rundt bordet, noko dei heller ikkje gjorde. På den nokså barnevennlege hyttemenyen sto det taco, pizza, hamburger, baconpølse og graut. Månedens deal på Prix er forresten kjøttdeig og tortillas, samt hamburgerbrød og beef hamburger ;)

Hytte-weekenden starta med snøvkave og ruskevêr, men på fredag formiddag tok skyene og vinden seg ei lita pause så vi fikk nokre flotte timar i trekket.


I tillegg til å ha Stølen alpintrekk 100 meter opp i bakken hadde vi ein stor snøhaug i hagen. Denne blei flittig brukt til akebrett-hopp og snøhol.
Til ungane si store glede blei det også litt tid til eit snøvbad ;)

Tusen takk for ei fantastisk helg ♥

søndag, mars 13, 2011

Sjokoladeterapi

Laurdag tok jentene Jill Alice, Sonja og Lene fatt i slikkepotten og stavmikseren for  ein real bakedag.Med sjokolade som hovudingrediens, endte vårt søk etter gode oppskrifter på kokosboller og bamsemumskake.


Ingen av oss hadde laga kokosboller før så det blei ein spennande prosess med prøving og feiling.
Vi brukte ei oppskrift fra Dagbladet med kokosbolle-fyll:
4 eggekviter
300 g sukker
6 gelatinplater

Her erfarte vi at sukkerkorna ikkje fikk nok væske og dermed kunne vi tydelig kjenne sukkerkorna når vi smakte på marengsmassa. Korleis kan vi komme unna dette?
Eit forslag vi har er å blande ut sukkeret i gelatinen og dermed få smelta det før det blandast i eggekvitene. Eventuelt må ein prøve å la det stå i miksaren i lengre periode.

Sprøyta fyllet på mariekjeks og plasserte dei tolmodig i kjøleskapet...heldigvis hadde vi eit par slikkepotter å smake på ;)

Sjokoladetrekk:
150 g kokesjokolade
25 g delfiafett
ca. 2 dl kokosmasse.

Medan vi venta på at sjokoladefyllet på kokosbollane skulle stivne kokkelerte vi i hop ei bamsemomskake.
Åja, den inneheld bamsemoms og det kan vel ikkje bli anna ein godt?
Oppskrifta på Bamsemumskake fann vi på "Det søte liv":
  
3 store egg
3 dl sukker
150 g smør
0,7 dl kakao
0,5 ts bakepulver
2,5 dl kveitemjøl
15 stk Bamsemums

Glasur:
0,5 dl kremfløyte
100 g kokesjokolade

Vi lot den stå i ovnen i 52 minutter på 160 grader og resultatet blei FANTASTISK!

 Kaka var som ein diger brownies med deilige overraskingar av bamsemums inni.
I oppskrifta stod det "dødsgod" og vi kan absolutt bekrefte dette :)

Treng du sjokoladeterapi er denne kaka det riktige valget! 

Tusen takk for ein fantastisk bakedag jenter ♥

fredag, mars 11, 2011

Tortillas Update

Vi har motteke spørsmål frå publikum om maizena er ein mulig substitutt for maismjøl – det er det ikkje. Maismjøl får ein tak i på helsekost eller i hylla for helsekost i butikken.

Det er heller ikkje kjempekjempeenkelt å få lefsene fine første gongen, men ikkje gi opp heilt med det same:)

søndag, mars 06, 2011

Fastelavn

Det viser seg å vere fastelavn i dag, og Jill Alice er i skrivande stund på jakt etter ein åpen butikk for å kjøpe gjær og kremfløyte til bollane. Fastelavn markerer at vi nærmar oss fastetida som startar 6 veker før påske på askeonsdag. I morgon følger blåmandag med feitetirsdag eller Mardi Gras på tirsdag. 6 veker er omlag 40 dagar, eit tall vi ofte finn i Bibelen:

Jødane vandra 40 år i ørkenen.
Moses fastet 40 dager på Sinai.
Jesus var 40 dager i ørkenen.

Altså ikkje heilt tilfeldig. Idag er det også 5-mil, så ein bolle med krem passar utmerka!


God fastelavn alle saman!

torsdag, mars 03, 2011

onsdag, mars 02, 2011

Ski-VM 2011

For 2 måneder sidan opna vi julegava og idag er vi endeleg på vei til Oslo og VM på ski!
NSB fraktar oss i natt til Oslo og vi gledar oss til ei fin vm-helg saman med familien til Christopher :)

I morgon har vi billettar til hopp i den nye Holmenkollbakken, og vi gledar vi oss til å ta del i kollenbrølet!

Kanskje får vi helse på maskotane Fnugg og Ull også?

Vi håpar iallefall at utsikta blir god og at vêret tillet nokre vakre VM-bilete.

LinkWithin