søndag, desember 11, 2011

Julemiddag i Klostergata

Søndag 11.desember diska vi opp med heimelaga julemiddag for dei stressa studentane i huset som premie for ihærdig innsats i eksamensperioden.

Starta tidleg med tilberedning av tilbehøret: f.v Kålrabi til rabbestappe, surkål, rødkål og poteter!

Svineribba vart dynka i salt kvelden i forvegen i håp om god smak på svoren.

Christopher trylla fram ein kryddermiks som vi krydra ribba med før steiking.
Julemixen bestod av salt, pepper, allehånde, ingefær og nellik.

Ribba blei lagt i forma med svoren ned og så fylte vi på med så mykje vatn at det dekte svoren.
Etter 1 time på 170 grader snudde vi ribba og lot den stå i 1 time til. Fulgte med temperaturen på ribba så den ikkje skulle bli over 75 grader.
Tok ut ribba og varma opp ovnen på høgaste varme (sidan grillfunksjonen ikkje fungerar i ovnen vår)

Avslutta prosessen med å sette ribba på høgaste rille og jevnlig helle over kraft over svoren.
Sakte men sikkert blei svoren meir og meir sprø, og vi vart meget fornøgd med dette resultatet!

Miksa rabbestappa med stavmikser for å få god konsistens. Legg merke til "Chef´s Tanta"-forkledet mitt som eg fikk av nevøane mine i fjor jul:)

Kokken Christopher i gong med å skjære opp svineribba og ein skrubbsvolten Torgeir følger ivrig med.

Klostergata 12:
Sondre, Sina, Grethe, Lene, Torgeir, Jill Alice og Christopher :)

torsdag, desember 01, 2011

Nytt golv i entréen



Ved første syn var ikkje entréen særleg innbydande. Biletet frå visninga visar golvet med rester av eit gammelt teppe som var har blitt delvis fjerna.

Etter første besøk vart det vel konsensus om å legge nytt golv.
Fra stua og inn mot kjøkkenet kunne vi sjå tydelege spor etter Hans (tidlegare eigar).

Før vi kunne byrje med golvlegging kom ideen om å vaske golvet... 

Den velkjente skoteknikken krev lite utstyr, men tærer på sålen.
Etter dag 1 kunne vi byrje å sjå eit raudt golvbelegg frå 60tallet i god behold!

Den mystiske blandinga av skit og lim sat ekstremt godt fast og eg trur vi prøvde dei fleste vaskemiddel og løysemiddel vi kunne finne. Til tider blei også eit brekkjern benytta for å skrape reint belegget..


Etter dag 2 ser golvbelegget så godt som nytt ut!

Tusen takk til 4 gode hjelparar som vekeleg la stor innsats i å finne fram gløden i golvet!
Til jula vert det ein siste finsh med eddikvask og boning.
..og om ikkje det blei lagt nytt golv i entréen, så fant vi eit nytt golv :)


fredag, november 25, 2011

Ekstremvêret Berit


Då er eg på veg til Værnes og Christopher snart på veg til Gardermoen, og vi er begge lettare spent på landingsforholda på Vigra. Er friske vêrmeldingar så vi får berre krysse fingrane på at Berit tek det litt med ro!
Om alt går etter planen er det klart for dugnad i Breivikvegen 97 i helga, så det er berre å ta på arbeidshanskane og kome ein tur :)

God helg!




torsdag, november 24, 2011

Thanksgiving Day


Vil berre ynskje alle ein fantastisk Thanksgiving.
Dette er dagen for å vere takknemleg for det vi har og eg håper alle tek seg tida til å tenkje på kva dei er takknemlege for!

Dessverre har dagen gått stille forbi her i Klostergata då Christopher er på jobb i Oslo. Men vi har fortsatt trua på å halde tradisjonen med familie/venne-middag denne dagen då vi endå har gode minner frå fjorårets høsttakkefest.

Vi er iallefall veldig takknemlege for alle dei flotte vennane vi har, at vi har ein stor familie som passar på kvarandre, at vi bur i eit knall kollektiv, vi har gode jobbar og ikkje minst; vi har blitt huseigarar :)


tirsdag, november 15, 2011

Overtaking av huset

Datoen er 11.11.11 og det er dag 1 på vårt nye husprosjekt i Breivikvegen 97. Dagen blei full av inntrykk sidan det er første gong vi faktisk ser huset og det er idag vi får nøklane!
Ikkje berre blei vi huseigarar, men også eigarar av ein flott Hymas beltegraver. Det er nok av arbeid å ta tak i rundt huset, så denne skal nok bli flittig nytta.

Avlevering av gravemaskina og ein spent Christopher klar for å kjøre den av hengern.
To gode hjelparar dukkar opp etterkvart: Jon og Herbert aka pappa og pappa
Utanfor huset på den mosegrodde hagen sto der ein diger Rodhodendro som hadde vokst på sjølvstyr i mange år... sjølv om det er ei fin busk når blomane står på var denne så lite stelt og ugunstig plassert at vi valgte å fjerne den for godt

Heldigvis hadde vi gravemaskin så vi kunne få litt hjelp til å få opp dei tre digre røttene til rodhodendroen.
kl 15:00 kom endeleg selger og megler og overleveringa var eit faktum! Vi er huseigarar :)

Vår første matpause inne på stua! Like kaldt inne som ute (kanskje litt kaldere), men det var veldig koselig.
Etter endt helg har vi fått gjort mykje tenke arbeid, teikna huset i riktig målestokk og rydda litt av hagen. Om du sammenliknar med det første biletet skal du kunne sjå at vi har fjerna ganske så mange trevekstar, blant anna ei diger bjørk, hekken og sjølvsagt Rodhodendroen.

Gledar oss allerede til neste arbeidshelg i Breivika!

søndag, oktober 23, 2011

Huseigarar, vi?

Ja, det stemmer! Vi har kjøpt hus på Lerstad, eit renoveringsobjekt over 2 plan.

Vi fortsett på ubestemt tid i noverande jobb begge to, men det blir nok litt fleire heimreiser enn vi har hatt det siste året.  Altså ingen plan å om flytting enda.

Huset er frå 1968 og har sannsynsligvis ikkje blitt brukt som bolig på ei stund. Først og fremst er det ein vannskade i kjelleren som må utbedrast, resten av interiøret får vi ta etterkvart. Vi treng nokre rundar på behov og fornuftig framdrift - her er det om å gjer å ikkje byrje på alt samtidig.

Eit viktig spørsmål er dessuten: Skal vi behalde den grøne grunnmuren eller ikkje? I tilfelle kva farge?

torsdag, oktober 06, 2011

UKA 2011


UKA 2011 starta med eit pang da eit forrykande fyrverkeri blei sendt opp fra Marinen.
Det er første gong vi er i Trondheim samtidig som det er UKA så det skal bli kjekt å endeleg få vere med på showet. 

UKA, som varer frå 6. - 30. oktober, har mykje å by på av konserter og vi har skaffa oss billettar til 




lørdag, oktober 01, 2011

EC gathering i London

Den årlige "EC Gathering" var i lokalisert i London og er rett og slett at alle EC avdelingene i verden samlast og får anledning til å bli litt betre kjent! EC står for Energy Components som er programmet vi leverer til Olje og Gass bransjen i verden og er en stor og viktig avdeling i selskapet Tieto!

Her er en liten oppsummeringa av vår flotte weekend i London:
 Konferanse, teambuilding og omvisning på Wembley Stadium

 Klar for et intervju?

Heile garderoba til England for meg sjølv ;)

Tour-guiden vår på Wembley var utruleg kul. Her sitt vi på dei kongelege VIP plassene som er umogleg å få kjøpt; "Invites only"
Gruppa vår på 30 tok det berømte Wembley-brølet, noko som var ganske kult da lyden gikk rundt bana 3 ganga pga kontruksjonen av stadion. Kunne godt tenkt meg å vært her på ein kamp kun for å føle denne atmosfæren med 90.000 på tribuna.

 Teambuilding-delen besto av å sette sammen ein legobil. Utrulig gøy oppgave/konkurranse med mange reglar som gjorde at man måtte samarbeide, jobbe raskt og kontrsuktivt: Manualen kosta 2 minutt per side...


London Eye

 Fantastisk utsikt fra London Eye over River Thames til Big Ben og Westminister

 Gjengen i egget, eit utvalg fra Tieto EC "world wide"

 Middag på the River Thames ombord på båten MV Elizabethan. Koselig kveld, og båtturen gjorde at heile gjengen hadde sjøgange resten av helga ;)

 London baby!!


Laurdagen var vi på musikalen We Will Rock You. FANTASTISK ♥

 EC-jenter ;)
London-skryte-bilde av meg sjølv. Prøvde sjølvsagt å få med bussen i bakgrunnen men den kjørte ikkje raskt nok.. Som du ser var vi veldig heldig med vêret  +25˚C og sol. 
Avslutta helga med ei velfortjent boks CocaCola og Cashews på flyet.

(Hadde litt orienteringstrøbbel med bilda dinna gongen)

torsdag, september 29, 2011

Leverposteiguttane

To hærlige gutter fra Knutgarden ønsker gjerne å komme på Leverposteiboksen og 
DU kan hjelpe dei ved å STEMME!! 


Vi heia på dåkke! 
Klem tante Jill Alice og onkel Christopher :)

torsdag, september 22, 2011

London, here I come

 Idag reiser eg på teambuilding-tur med jobben til LONDON! 

Frå torsdag til søndag skal vi kose oss med serverdigheiter som London Eye, Wembley Stadium, cruise på Thames, musikaler og shopping, i tillegg til godt sosialt lag og god mat! 

Gleder meg masse :)  God helg alle sammen!! 


tirsdag, september 20, 2011

Cookies

Snilde Hilde på jobb gav meg her ein dag ei oppskrift på glutenfrie cookies og i helga gjekk eg inn for å gi den eit forsøk :)

Samlebilete av alle ingrediensane (utenom sjokoladen). Skal ikkje så mykje til!

Cookies:
100 gr romtemperet margarin/smør
75 gr sukker
75 gr brunt sukker
1 egg
1 ts bakepulver
130 gr fin mjølmix
Oppskrifta anbefalte Toro kakemiks, men eg prøvde meg med Semper Fin Mix

Miks smør og sukker kvitt, og bland inn resten av ingrediensane.

Når cookie-deiga er ferdig blanda er det berre å mikse inn det man ønskjer av goodies som sjokoladebitar, nøtter og rosiner :)

Steik dei midt i ovnen på 180˚C i 9-11 min

Litt ivrig plasserte eg alle porsjonane på eit brett utan å tenke på at dei ville sige utover....

...dermed blei det 1 kjempe Cookie! 

Dei var litt porøse i konsistensen så løysinga blei å bryte dei opp og momse dei i seg! 
Mhmmm, eller som Mr. Melk ville sagt det: Det smake gååått!
Koseleg helgekos blei det iallefall med kaffi, cookies og fyr i peisen. 


Eller iallefall lys i peisen...når ein ikkje har ved lett tilgjengeleg fungerar det veldig bra med kubbelys i peisen. Blir ikkje varmt, men ser like koseleg ut ♥



LinkWithin