mandag, november 29, 2010

Juleverkstad

Då var advent og juletida i gong. Endelig!

Sonja inviterte i dag på juleverkstad, å ho hadde verkeleg slått på stortromma. Det var akkurat som å vere tilbake på formgivningssalen på barneskulen. Stuebordet var fylt til randen av filt, maling, perler, glitter, bånd, glass, kuler, piperensere og andre hobbysaker.


Ute var det omlag 14 minus grader, men inne kosa vi oss med gløgg, fyr i peisen og julemusikk. Ein riktig koseleg formiddag med mykje spennande idèar og produkt, og ein god del mimring frå barndomsåra.

Synest eggekartong nissane mine blei ganske søte i grunn :)

Takk til "formingslærar" Sonja for «juleverkstaden of our dreams». Treng noken eit tips eller to så er dette dama å ringe ;)

fredag, november 26, 2010

Thanksgiving turkey


Etter amerikansk tradisjon er dette ein dag for familien, men i Klostergt 12 er vi nærast som familie å rekne. I tillegg tok vi inn eit par utanforståande til Thanksgiving-middag, og det vart ein riktig koseleg aften med mykje god mat. 

På bordet diska vi opp med kalkun, skinke, potetstappe og søtpotetstappe, bakte, gratinerte brekkbønner og ekte gravy! Solveig og Emily stilte med krydderkake med høg amerikansk stil og Torgeir "bakte" ein liten (legg merke til størrelsen) blåbærpai som vi delte broderlig på.

Ein absolutt vellykka kveld. Her har vi oppsummert med eit lite slideshow:
Musikk: Thanksgiving Day - Guy Davis.



Fortsetter gjerne med denne tradisjonen i åra som kjem :)
GOD HELG!

torsdag, november 25, 2010

Happy Thanksgiving!

"I USA feires Thanksgiving den fjerde torsdagen i november. Thankgivingshelgen, Thanksgiving Holiday, varer i fire dager, det vil si fra torsdag til søndag. Vanlig markering er å spise thanksgiving-middag sammen med familie og slekt, der hovedretten vanligvis er fylt kalkun, yams (søtpotet) og gelé av tranebær, samt gresskarpai til dessert. Helgen preges av stor utfart i trafikken, men foregår ellers fredelig. Helgen innleder også den omfattende julehandelen."
- Wikipedia

I USA fikk vi ein smak på mange amerikanske tradisjonar og thanksgiving er ein av dei vi skal prøve å fortsette med her i Noreg.
Kalkunen vår er skaffa og klar for ovnen.
Vi kjøpte den minste kalkunen i frysern på 6,3 kg, så får håpe det blir mat nok til alle!
Bileter frå thanksgiving-middagen får komme i morgen.



Ønsker alle ein god takksigelsesdag :)

onsdag, november 24, 2010

Rulle-Kebab

Kvar dag når arbeidaren kjem heim frå jobb er det diska opp med spanande rettar til middag!
I dag var det rulle-kebab som sto for tur med biffkjøtt og heimelaga lefser.
Til både pita og lefse - 3 store kebabar:

3 dl kveitemjøl
1 og ei halv ts bakepulver
1/4 dl olje
1 dl vatn (varmt)
1 ts sukker


Bland deigen sammen til den ikkje er klissete. Rull dei så ut til 20-30 cm sirklar.
Steikast på tørr og veldig varm steikepanne i ca 1 min på kvar side.


Kebabsaus:

Litt majones blanda ut med Kefir.
Kvitløk etter smak
Chilli etter smak
1-2 duskar persille, kuttast
Ketchup til det blir rosa farge

Kebabkjøtt:
Kjøp inn kjøtt til oppskjæring, f.eks flatbiff, mørbrød, lam eller kyllingfilèt. Pass på at det er mørt.
Mariner kjøttet med:



Koriander(ei god ts på 350g kjøtt)
Slump i litt:
Ingefær
Kvitløk
Chilli
Muskat
Nellik
Svart pepar
Salt
Paprika


Framgangsmåte:
Skjær kjøttet i tynne strimal og steik på god varme, pass på så dei ikkje blir kokt. Har du grill kan du legge heile stykket på og strimle seinar. «Kebab» betyr visstnok "grilla kjøt."
Klassik tilbehør er  
Salat
Rødløk
Mais
Tomat
Agurk
Fefferoni

Pakk inn i alufolie for å gjere det enklare å ete og for å få den rette looken. Pynt med ein plastgaffel. Håpe smake!

lørdag, november 20, 2010

Sommerprosjekt, del 3

"Ny" kjøkkenbenk!

Juryens 3 gode grunner for valg av dette oppussingsobjekt:
  1. Store hull i lakken og mange kniv-skader
  2. Ein ting husmor må nytte og sjå på KVAR dag!
  3. 30 år gammal trebenk. Sjølv om det er av beste kvalitet, betyr det ikkje at den ikkje kan trenge litt pleie og vedlikehald.

Vi nytta først beste pusse-utstyr fra Bosch for å bli kvitt lakkrestane, men endte opp med ei gammal skrape for å manuelt skrape av lakken. Overraskande kor overlegen gamle redskap kan vere til moderne batteriverktøy!
Etter mykje svette og tårer var lakken vekk og vi fekk gå tilbake til Bosch sin pussemaskin. I alt tre runder med pussing med grovheit 60, 120 og tilslutt 240. Benken var no ein halv cm lavare, og etter 3 strøk med "Liberon Finishing Oil" såg det ut som vi hadde kjøpt nye benkplater :D

torsdag, november 18, 2010

Sommerprosjekt, del 2

Maling av fjøsdører

Juryens 3 grunner for valg av oppussingsobjekt:
  1. Dei raude dørene var lysebrun
  2. Trengte eit lag med lakk for å unngå å rotne opp
  3. Etter å ha blitt offer for høgtrykkspylaren som eigentleg skulle vaske murveggen, fortjente dei ein liten trøst.


Fin farge?
I malingsspann-samlinga til husbonden fant vi nemlig kun svart og signal-raud lakk. Christopher nytta då sine kunnskaper fra formgiving på barneskulen og trylla fram denne fantastiske raudfargen!

onsdag, november 17, 2010

Sommerprosjekt, del 1

Prosjektoppgave på skulen og fulltidsjobb gir lite rom for kvardagsprosjekt for tida. Vi har dog eit par kaniner i hatten, og kan trylle fram litt frå tidligare i år.

I sommar var vi nemleg fjøsbondar så mamma og pappa fekk ta litt ferie, og mellom morgen- og kveldsstellet er det mange timar å slå i hjel...

Etter ei lita idemyldring ved frukostbordet hadde vi ei lang liste med ting som kunne takast tak i. Alle kan vel finne noko i heimen sin som stadig vert utsatt fordi det ikkje er prekært nok eller at ein rett og slett ikkje har nok timar i døgnet. Dette er også tilfellet her på gården.
Vi gjekk derfor laust med store visjonar på alt som kunne fiksast medan vi var aleine:)


Sommerprosjekt, del 1
Facelift av 30 år gammel verandadør

Juryens 3 grunner for valg av oppussingsobjekt:
  1. Døra var raud på baksida (ute) og utvaska brun på framsida (inne).
  2. Katten bruker døra som dørklokke ved å henge på dørkarmen for å sjå om vi er heime, for deretter å bruke alle 20 klør til å gjere oss oppmerksom på at den vil inn.
  3. Den var rett og slett svært lite pen!





Før og etter bilete av verandadøra!
Blei ikkje den flott vel ? ;)

mandag, november 01, 2010

Første arbeidsdag

1. november 2010 og min første arbeidsdag hos Tieto i Trondheim. Tieto har hyggelege lokaler plassert sentralt ved Solsiden, og kun 7 min sykkelavstand ;)

I dag var det mykje informasjon om HR, pensjon og forsikring, retningslinjer, arbeidsreglar, osv., omvisning og eindel pdf-slides om programmvaren eg skal jobbe med. Sidan det er første dag merka eg at det ikkje er så mykje av informasjonen som er lett å forstå, men håpar sjølvsagt at brikkene vil falle på plass etter kvart som eg får noko arbeid å bryne meg på. I dag hadde eg iallefall nok med å plukke opp all infoen. Skal ikkje vere berre berre.

Dagens oppsummering: "System overload", men fornøgd med både staden, sjefen, medarbeidarane og kantina ;)

- Jill Alice

LinkWithin