fredag, november 25, 2011

Ekstremvêret Berit


Då er eg på veg til Værnes og Christopher snart på veg til Gardermoen, og vi er begge lettare spent på landingsforholda på Vigra. Er friske vêrmeldingar så vi får berre krysse fingrane på at Berit tek det litt med ro!
Om alt går etter planen er det klart for dugnad i Breivikvegen 97 i helga, så det er berre å ta på arbeidshanskane og kome ein tur :)

God helg!




torsdag, november 24, 2011

Thanksgiving Day


Vil berre ynskje alle ein fantastisk Thanksgiving.
Dette er dagen for å vere takknemleg for det vi har og eg håper alle tek seg tida til å tenkje på kva dei er takknemlege for!

Dessverre har dagen gått stille forbi her i Klostergata då Christopher er på jobb i Oslo. Men vi har fortsatt trua på å halde tradisjonen med familie/venne-middag denne dagen då vi endå har gode minner frå fjorårets høsttakkefest.

Vi er iallefall veldig takknemlege for alle dei flotte vennane vi har, at vi har ein stor familie som passar på kvarandre, at vi bur i eit knall kollektiv, vi har gode jobbar og ikkje minst; vi har blitt huseigarar :)


tirsdag, november 15, 2011

Overtaking av huset

Datoen er 11.11.11 og det er dag 1 på vårt nye husprosjekt i Breivikvegen 97. Dagen blei full av inntrykk sidan det er første gong vi faktisk ser huset og det er idag vi får nøklane!
Ikkje berre blei vi huseigarar, men også eigarar av ein flott Hymas beltegraver. Det er nok av arbeid å ta tak i rundt huset, så denne skal nok bli flittig nytta.

Avlevering av gravemaskina og ein spent Christopher klar for å kjøre den av hengern.
To gode hjelparar dukkar opp etterkvart: Jon og Herbert aka pappa og pappa
Utanfor huset på den mosegrodde hagen sto der ein diger Rodhodendro som hadde vokst på sjølvstyr i mange år... sjølv om det er ei fin busk når blomane står på var denne så lite stelt og ugunstig plassert at vi valgte å fjerne den for godt

Heldigvis hadde vi gravemaskin så vi kunne få litt hjelp til å få opp dei tre digre røttene til rodhodendroen.
kl 15:00 kom endeleg selger og megler og overleveringa var eit faktum! Vi er huseigarar :)

Vår første matpause inne på stua! Like kaldt inne som ute (kanskje litt kaldere), men det var veldig koselig.
Etter endt helg har vi fått gjort mykje tenke arbeid, teikna huset i riktig målestokk og rydda litt av hagen. Om du sammenliknar med det første biletet skal du kunne sjå at vi har fjerna ganske så mange trevekstar, blant anna ei diger bjørk, hekken og sjølvsagt Rodhodendroen.

Gledar oss allerede til neste arbeidshelg i Breivika!

LinkWithin