lørdag, februar 26, 2011

JC tacoskole del 2!

Etter suksessen med heimelaga taco-krydder blei vi inspirert til vise kor enkelt ein kan lage tortillas! Vi haldt oss til heimelaga lefser og kryddermiks, altså ingen sjølvdyrka salat eller nykverna kjøttdeig i denne omgang.


Jill Alice og Sonja viser seg som flotte kjerringemne, i full sving med å kjevle ut flotte lefse-emne.

Tortillas (5 stk):
50 gr maismjøl (IKKJE maizena)
80 gr kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts salt
4 ss olivenolje
0.5 dl vann

Bland ingrediensane til ei fin deig som ikkje kleimar.
Vi har prøvd å la deiga stå litt, men det viser seg at den er enklare å kjevle og handtere med ein gong.

Pass på at diameteren på lefsa ikkje blir større enn steikepanna!
Tjukkelsen er det ingen fasit på, men ca 1 mm tykkjer vi er eit bra utgangspunkt. Vert dei for tjukk har dei det med å knekke lett. Her i huset lagar vi dei så tynn som vi klarer å få dei.

Bruk ei tørr steikepanne og la den varme seg godt opp på full guffe. Lefsene skal kun ligge i ca 30 sek på kvar side. Blir boblene brent er det for varmt og om det ikkje boblar er det for kaldt. Her må du berre prøve deg fram, same som når ein skal steike pannekaker, det trengs eit par forsøk før ting sitt :)

Resultatet blir ei mør og lett lefse som nærmast smeltar i munnen, ikkje samanliknbar med hundeskinnet dei sel i butikken.

Det er ABSOLUTT verdt det lille ekstra arbeidet og går mykje fortare enn du trur(etter litt trening).

God helg :)

4 kommentarer:

Unknown sa...

NAM, NAM! Anbefalast å prøve :D

Hilde sa...

Dåkkå e så flink asså! :)

Veronica sa...

smeis kor flenke og kreative dokke e!! :)

Unknown sa...

Sågkje før no at ej blei kalla et flott kjerringemne! D likte ej :D Må vise d t an Frank ;)

LinkWithin