onsdag, oktober 27, 2010

Heimelaga kort

Kort er noko ein alltid har bruk for enten det er bursdag, jul eller berre ei helsing. Eg synest også sjølv at det er litt stas å få eller gi noko som er heimelaga og har derfor no så smått starta opp ein liten hobbykrok for å lage kort når det skulle vere høve for det.


Papir med mønster er ikkje alltid så lett å få tak, men i sommar kom eg tilfeldigvis over nokre med tapetbøker som var mulig å få kjøpt. Tapet er oftast litt mjukt til kort, men med to lag blir det eit veldig bra resultat. Og så er det så mange flotte mønster :)

Den nye papirkuttaren min er til stor hjelp, men på dei store tapet-arka må eg ty til den største papirkuttaren; ein tyskprodusert Dahle 554 som kuttar opptil 2mm ark på over 70 cm breidde!

Bilete av nokre av korta mine til no:






Nærbilete av barnevogna:

Kjekt å ha noko å pusle med :)


mandag, oktober 25, 2010

Travel kvardag?

Det er fortsatt ei veke att til jobbkvardagen startar så kvardagen er vel alt anna enn travel, men dersom den hadde vore det hadde nok dette vore ei artig løysing ;)

søndag, oktober 24, 2010

Frisørtime


Det er vel ingen grunn til å ha dårlig utstyr berre fordi ein er amatør? ;)

 
Her er våre to nyinnkjøpte frisørsakser som skal gjere frisørtimen enda kjekkare :) Saksa til venstre er ei tynnesaks av typen Jaguar Satin 6", medan den andre er ei Jaguar Ergo P 5" og begge er kjøpt på Amazon!


 




 
Christopher fleska også til på ei frisørkappe!
«Everyday Hair Fever»

 
Med så mange flotte frisørsaker måtte vi sjølvsagt også dedikere ei øskje til formålet ;)

Som ein kan sjå på biletet var håret til Christopher no blitt veldig tjukt. Ein halvtime seinare og kanskje overdreven bruk av tynnesaksa blei resultatet ein stor haug med hår i søppelet og dusjen.
Gløymte sjølvsagt å ta bilete av den nyklipte, men han var iallefall godt fornøgd!


Frisøren var også godt fornøgd med utstyret, men Ergo-saksa var kanskje litt kort. Fungerte flott på småpirk, men blei litt kort når store områder skulle klippast. Kanskje to sakser med ulike lengder er tingen?

Neste ynskje til «frisøreska» trur eg iallefall må bli ei barbermaskin så øyrene og nakken kan takast litt raskare ;)

onsdag, oktober 20, 2010

Snart jul? :)



Det er kanskje litt tidleg å glede seg til jul enda, men i dag var det skikkeleg julestemning her i huset! Utanfor vindauget var det nemlig 10 cm med deileg kvit nysnø!!

I tillegg til julestemning ute var det gaveoppakking inne! Christopher hadde nemlig bestilt mange varer frå Amazon som endeleg kom fram, og lite visste andrepart om kva som var bestilt ;)



Ein av dei nye duppedingsane som blei kjøpt var denne råtøffe papirkutteren!
Ikkje berre kan den skjære rette kantar, men den har også tilleggsknivar (grønn, raud og oransj) med mønster!! To taggemønster og eit med striplalinje (slik som er på ark der du skal rive av ein del, feks giro) ;) Kva eg skal bruke det striplete mønsteret til er enno uvisst, men det er morosamt å ha.

Gledar meg masse med å kome i gong å lage julekort, og no når både kuttar og stemning er på plass er det vel ikkje noko å vente på ;)

tirsdag, oktober 19, 2010

For ei helg!!

Denne helga har det vore fullt kjør med Sushifest, kaketest/fest og mykje besøk av venar og familie!

Helga er delt opp i 3 innlegg, i omvendt kronologisk rekkefølge:


Altså: ei koseleg helg i gode venners lag :)

Testing av kakeform


Vi skal bake kaker til barnedåp har difor den siste tida øvd litt på det søte liv. Ikkje berre er det nødvendig med trening; det er også ei god unnskyldning for å få bake ei deilig kake på i kvardagen!

Solveig og Emily var ikkje tung å be inn som testpanel, og vips var både gjestane og ei halv Klosterkake på plass ;)

Dei nye kakeformene som skulle testast!
Kakeformene er sjølvsag kjøpt i USA og heiter «Williams-Sonoma Goldtouch™ Nonstick Sandwich Cookie Cake Pans».

Resultatet vart ei saftig Klosterkake
(men for å spare litt på godsakerne laga vi berre ein bunn..)

Absolutt fornøgd med den nye kakeforma, men det trengs fortsatt litt trening i å få kakebunnen heil og fin ut av forma. Trass i sindig smøring og kakaopulverdryssing er den ikkje akkurat «non-stick».
Øving gjer meistar, dog er det lite truleg den vert like perfekt som i brosjyrene.





Sushi

Sushi. Kva skal vi seie om sushi?
Det er fantastisk godt når ein først blir ven med smaken og ikkje minst tanken på å ete rå fisk :)
Enklast er det sjølvsagt å kjøpe sushi på restaurant, men i Klostergata bestemte vi oss for å prøve ut heimelaga sushi!!



Sushi betyr "ris med tilbehør" så her er det berre å la fantasien ta sats!

Først måtte råvarer og utstyr kjøpast inn:
(vi fekk faktisk tak i alt dette på Bunnpris på Elgsetergata i Trondheim)
  • Bambusmatte
  • Nori (eit papir av alger eller tang)
  • Sushiris
  • Riseddik (blir vanligvis blanda ut med sukker og salt)
  • Chopsticks
  • Wasabi
  • Sylta ingefær
  • Soyasaus
Så kjem ingrediensane vi har prøvd oss på:
  • Laks
  • Torsk (dypp den i kokandes saltvatn i 1 sekund, då blir den mør og smakfull)
  • Crabsticks
  • Reker
  • Schampi
  • Avokado
  • Agurk
  • Mango
  • Vårløk
  • Philadelphia (veldig tynt lag)
  • Chilimajones (stor suksess saman med torsk og mango)
  • Rogn





Chilimajones
1 stk chili (heile med frø)
1 ss rogn
1 kopp majones


Ser ikkje dette nydeleg ut så veit ikkje eg! Det smakte iallefall heilt fantastisk og over alle forventningar!




Klostergata 12, Sondre står bak kameraet, Grethe nerdar seg på skulen.


Har du lyst å prøve deg på Sushi?

Ta ein kikk på desse filmane (det har vi gjort), veldig bra forklart:
Hva man trenger for å lage sushi.
Hvordan lage maki sushi

Barnedåp med sunnmørsk kakebord

Søndag 17. oktober skulle nevøen til Christopher døype seg og vi var så heldige å vere invitert som faddere! Tro til Sunnmørske tradisjonar skulle det også her vere eit stort kakebord, så vi tok på oss oppdraget med å bake kaker! (ikkje alle sjølvsagt)

Resultatet av ein effektiv kakebakerdag:
100 cookies med sjokoladebitar,
1 stk Klosterkake,
1 stk Moccakake og
1 brett med «millionærens mørdeigskaker» (vi kaller dei Twix-kjeks)




I bakgrunnen ser du Klosterkaka(forma som ein cookie) og foran eit fat med deilige muffins ala Birgitte og cookies og twix-kjeks fra oss! Fant raskt ut at dette fatet var barnas favoritt.

Prøvde meg på litt sjokolade pynt til Moccakaka mi :) 


Her er resultatet! Til venstre ser du den stilige dåpskaka med bilete av dåpsgutten :)



...og så eit lite bilete av oss i finstasen med gutten sjølv ;)


 Sunnmørsk kakebord resulterer ofte i mange kakerester og vi reiste heim frå dåpen med enda fleire kaker enn vi hadde medbrakt. Dermed blei det restelag i Klostergata dagen derpå :)

onsdag, oktober 13, 2010

Første prosjekt: Dokumentasjon

«Verktøyet er halve jobben» heitast det, nytt treningstøy gjer alltid susen på treningsvolumet, nye ski skal gjere underverk gjennom vinteren trur vi. Og sjølvsagt:Uten kamera, ingen blogging. Elkjøp vart dagens handlerunde og ut kom vi med eit flunkande nytt Sony Cyber-Shot HX5V. Det var sjølvsagt ikkje gjort i ei handvendig å bestemme seg, valget har stått nokre veker mellom dette og Panasonic TZ10. To veldig like kamera, til same pris, men Sonyen vant på hurtighet og design (+ det var einaste som var i butikken akkurat i dag).

Ifølge dinside.no har kameraet:
"Super videokvalitet, GPS og kompass, snasen panoramafunksjon og tar 10 bilder på ett sekund".
Dette er vel eit minimum når man skal starte eit nytt bloggliv?

Kanskje vi også kan dokumentere Jill sin første dag på jobben hos Tieto den 1. november ;)

tirsdag, oktober 12, 2010

Prosjekt-blogg

Etter ein liten diskusjon på kammerset kom vi fram til temaet «Prosjekt i kvardagen»!

«Prosjekt i kvardagen» skal bli som ei lita dagbok med ulike prosjekt vi prøvar oss på. Det er ikkje snakk om store prosjekt som å byggje eit hus eller starte ei ny bedrift; nei, vi tenkjer på små daglegdagse aktivitetar som får kvardagen til å bli minnerik.

Dei fleste prosjekta våre er nokså spontane, basert på årstida, ei tilstelling eller tilfeldige behov – kva idéar som kan dukke opp er vanskeleg å spå.
Mat, gleda ved praktisk arbeid, hobbyarbeid og rein nysgjerrigheit er viktige faktorar til at ein idé blir verkeleggjort.

Kanskje kan vi inspirere fleire til å gjennomføre noko dei har tenkt på over lengre tid?

Biletet er lånt fra www.formgiver.no.

Prosjekt California

Høsten 2009 reiste vi til California for å studere på UCSB. (University of California, Santa Barbara)! Det var eit prosjekt i seg sjølv å i det heile tatt å få reise, men etter mykje papirarbeid var året endeleg i boks.

Det var eit fantastisk år og for å dele våre opplevingar med familie og venner prøvde vi å blogge så ofte som mogleg. Alle desse bloggpostane har no fått sin egen heim på www.jcicalifornia.blogspot.com, slik at denne bloggen kan få ein ny start :)

LinkWithin