fredag, februar 18, 2011

Heimelaga tacokrydder

Det er fredag og straks helg. I god norsk moderne tradisjon er tex-mex eit populært innslag på middagsbordet. Vi har studert kryddermixpakken på butikken og dekomponert innhaldet og gjort vår eigen versjon av denne. Utan å ha rekna på det vil vi tru at stykkprisen kjem langt under dei 10-15 kronene pakken på butikken kostar.

Prisen er ikkje så viktig, er jo veldig stas å kunne vere sjølvberga, samt at ein har full kontroll på innhaldet. Spisskummin er den dominerande smaken vi kjenner att, men i eit ekte meksikansk kjøkken er den faktisk ikkje så dominerande.
Oppskrifta vi brukar er omlag slik:
Kryddertyper:
Paprika, Spisskummin, Koriander, Cilantro og Chipotle.
Sidan Chipotle er ganske sterk kan det vere ein fordel å tilsette dette tilslutt ved prøvesmaking. Her har vi heller ikkje putta salt i miksen som er ein viktig bestanddel i butikkpakken (ilag med MSG/smaksforsterker).



Chipotle og Cilantro krydderet har vi bestillt fra USA på eBay.

Chipotle er tørket, røkt chili, ofte av typen jalapeño, som er mye brukt i mexikansk matlaging.(Wikipedia) Eit krydder vi fekk smaken på i USA gjennom restaurantkjeda: Chipotle - Mexican Grill

Voila: Heimelaga tacokrydder :)

Steik kjøttet som vanleg på sterk varme og litt om gongen. Om du vil ha den gryteaktige konsistensen med 1 dl vatn som ferdigpakken må du jamne med mjøl og brune nokre minutt. Mjølet tek til seg væska som kjøttet skil ut. Salt er som sagt viktig, og det kan gjere seg bra å steike litt kvitløk i lag med.

5 kommentarer:

Jude sa...

Steik imponerande :) GO helg søta=)

Unknown sa...

Ej vil ha taco :D

Jill Alice sa...

Takk og god helg til dej mæ :D Taco e no ikkje så vanskla å få til, Sonja, e no bere å kome på middag en dag det ;)

therese sa...

No treng eg den likerknappen som er på facebook! Heimelaga tacopulver er virkelig for viderekomne, dette må testas:) takk for tipset

Christopher sa...

Vel, det er ikkje rocketscience heller.. Kjem straks eit oppfølgarinnlegg som absolutt er verdt å prøve seg på seinare:)

Chipotle var vi forresten på i USA, stoppa der før vi kom til Santa Barbara.

LinkWithin