Viser innlegg med etiketten Hobby. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hobby. Vis alle innlegg

lørdag, mai 14, 2011

Ølbrygging

Etter eit besøk hos ein kollega på jobb som er ein ivrig brygger av øl fekk Christopher ny giv til å starte oppatt bryggeriet. Vi hadde kosta støvet av utstyret i påska og tok det med til Trondheim.
Første forsøk på øl vart eit Coopers Lager frå Australia.

Skal ein gjere det heilt frå bunnen av må ein dyrke og malte kornet sjølv, men det er vanleg å kjøpe inn ferdig malt og koke vørteren sjølv. Det krevst litt meir utstyr enn vi har for handa i dag, men veldig omfattande er det ikkje.

Prosedyren er enkel, einaste ein treng er nøyaktighet og god tid. Eit vellykka øl er kanskje litt meir arbeid enn skissa under gir uttrykk for, men når ein får det litt i fingrane går det greit. I ølbrygging er sterilt utstyr og rett temperatur viktige stikkord.


Først starta vi med blandinga:
Settet inneheld hermetisert konsentrert maltblanding krydra med humle og ein pakke gjær. Malten rørast godt saman med eit par liter kokande vatn og mengder med sukker(1kg) i følgje oppskrifta - vårt første øl bryt nok renhetsloven fra 1857. Ein kan visstnok med fordel bytte ut sukkeret med spraymalt, som er tørka konsentrert malt.


Temperaturen blei nøye fulgt når omkring 18 liter vatn skulle tilsetjast. Det er viktig med riktig temperatur for at gjæra skal oppføre seg som ein vil. 43˚C som på biletet er altså for varmt.
Ein typisk pilsnerøl skal gjærast på 10-15ºC, medan ein ale skal stå på 15-25ºC. Kaldaste rommet vårt er vaskekjellaren med 15ºC...

Blandinga endte på omkring 23 liter og 16˚C da gjæra blei tilsatt og rørt inn. Med 16ºC forventar ein litt å få litt fruktighet, dunken stod også i romtemperatur første døgnet til gjæringa starta skikkelige.

Pinnen i midten av skummet er ei Oechslevekt.
Sitat fra Bryggewiki: "Oechslevekt (uttales økselvekt) er et måleinstrument som måler egenvekt til væsker. Det består av en glasskoble som senkes i væsken som skal måles og en skala som viser hvor dypt vekta flyter. Til brygging brukes dette for å finne sukkerinnhold i vørter og beregne alkoholinnhold i ferdig øl."

Dunken er tetta og gjærlåsen er på plass - no er det berre å vente tolmodig på at gjæra gjer seg ferdig! Dette tek vanligvis 7-14 dagar avhengig av temperatur.

Etterkvart gjenstår berre å flaske og lagre ølet, og etter endå litt venting, 2 til 12 veker, skal det etter boka vere ferdig.
Dette blir spennande :D

torsdag, desember 09, 2010

Pakke fra Amerika!

ENDELIG kom pakken som eg har venta så lenge på! 
I starten av november bestillte eg meg nemleg «punches» frå Martha Stewart, og sidan det har eg berre venta og venta..


Det har tatt litt lang tid sidan eg måtte sende pakken på ein liten omveg innom venninna mi, Kristine Ashley, som eg budde saman med i California i fjor.
Men den som ventar på noko godt... ;)

 
Sjå så mange flotte figurer! Eg er så fornøgd med mitt nye innkjøp.

Litt overlessa arbeidsbord.. skulle gjerne ha hatt eit eige hobbyrom eg kunne ha boltra meg på..
 

No er det iallefall ikkje utstyret det skal stå på. 
Kanskje det blir laga eit par julekort i kveld ?;)

Juleklem frå Jill Alice

onsdag, oktober 27, 2010

Heimelaga kort

Kort er noko ein alltid har bruk for enten det er bursdag, jul eller berre ei helsing. Eg synest også sjølv at det er litt stas å få eller gi noko som er heimelaga og har derfor no så smått starta opp ein liten hobbykrok for å lage kort når det skulle vere høve for det.


Papir med mønster er ikkje alltid så lett å få tak, men i sommar kom eg tilfeldigvis over nokre med tapetbøker som var mulig å få kjøpt. Tapet er oftast litt mjukt til kort, men med to lag blir det eit veldig bra resultat. Og så er det så mange flotte mønster :)

Den nye papirkuttaren min er til stor hjelp, men på dei store tapet-arka må eg ty til den største papirkuttaren; ein tyskprodusert Dahle 554 som kuttar opptil 2mm ark på over 70 cm breidde!

Bilete av nokre av korta mine til no:






Nærbilete av barnevogna:

Kjekt å ha noko å pusle med :)


LinkWithin