Sushi. Kva skal vi seie om sushi?
Det er fantastisk godt når ein først blir ven med smaken og ikkje minst tanken på å ete rå fisk :)
Enklast er det sjølvsagt å kjøpe sushi på restaurant, men i Klostergata bestemte vi oss for å prøve ut heimelaga sushi!!

Sushi betyr "ris med tilbehør" så her er det berre å la fantasien ta sats!

Først måtte råvarer og utstyr kjøpast inn:
(vi fekk faktisk tak i alt dette på Bunnpris på Elgsetergata i Trondheim)
- Bambusmatte
- Nori (eit papir av alger eller tang)
- Sushiris
- Riseddik (blir vanligvis blanda ut med sukker og salt)
- Chopsticks
- Wasabi
- Sylta ingefær
- Soyasaus
Så kjem ingrediensane vi har prøvd oss på:
- Laks
- Torsk (dypp den i kokandes saltvatn i 1 sekund, då blir den mør og smakfull)
- Crabsticks
- Reker
- Schampi
- Avokado
- Agurk
- Mango
- Vårløk
- Philadelphia (veldig tynt lag)
- Chilimajones (stor suksess saman med torsk og mango)
- Rogn
Chilimajones
1 stk chili (heile med frø)
1 ss rogn
1 kopp majones
Ser ikkje dette nydeleg ut så veit ikkje eg! Det smakte iallefall heilt fantastisk og over alle forventningar!
Klostergata 12, Sondre står bak kameraet, Grethe nerdar seg på skulen.
Har du lyst å prøve deg på Sushi?
Ta ein kikk på desse filmane (det har vi gjort), veldig bra forklart:
Hva man trenger for å lage sushi.
Hvordan lage maki sushi
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar