Første ein må vite, som eg har lært av eit par timar på internett, er at glutenfri deig skal vere blaut, men tjukk. Akkurat som ei brownies deig. Har også lest at mange bruker noko som heiter fiberhusk eller Psyllium for å få meir normal konsistens på deiga, men det får bli til neste forsøk.
Oppskrifta eg brukte var den som stod på "Grov Mjölmix"-pakken fra Finax.
4 dl vatn (37˚C)
25 gr gjær
1,5 ss sirup/sukker
1 ts salt
2 ss olje/25 gr margarin
400 gr glutenfritt mjøl
Tilsatte alle ingrediensane i ein bolle og miksa i maskin i minst 5 min. Etter tips på nettet brukte eg ballongvisp og ikkje eltekrok. Sukker eller sirup i deiga er vist viktig i glutenfri deig for å få den til å heve/gjære godt.
Når deiga er ferdig med kna-prosessen i kjøkkenmaskina er den klar for heving. Dersom du lagar brød er det berre å helle røra direkte i ei smurt brødform, men eg skulle prøve meg på rundstykker..
For å enkelt fordele deiga i små boller på bakepapiret helte eg den i ein plastikpose som eg så klipte av enden på. For å unngå masse deig oppover posen nytta eg eit litermål som poseholdar! Lurt, ka?
Spent satte eg rundstykka til heving, og etter ein times tid (trengte berre å stå i 35 min i følge oppskrifta) var dei sege godt utover til store cookies. Hadde vel håpa at dei skulle heve litt meir i høgda, men slik blei iallefall resultatet :)
Glutenfritt brød smaker ikkje slik som vanleg brød, men når du ikkje forventar deg samme smaken er det overraskande godt. Litt anna konsistens og den ser litt plastik-aktig ut, men som du ser på biletet så ser dei heller ikkje så verst ut.
Godt fornøgd med første forsøk :)

6 kommentarer:
Flink du e, Jill Alice! =o) Blir bra detta!
Takk vennen :) Får berre trene så blir det nok betre og betre!
Rekna me at du bli en kløppar på ditta her mæ om ikkje so lenge :D
veldi smart me dinna plastikposen smarte Jill! ;)
Ettekvart bli du en kløpper og du kjem til å kose dej me dei! :)
Aj, aj, aj! Såg den 1+-knappen! Er den ny? Spennande :D Ja, eg tok å 1+'a eg ;)
Observant du Sonja :) Den e nok ny, men den he komt automatisk gjennom delingsknappen til Blogspot.
Men det minte mej på "like"-knappane du tipsa om!
Legg inn en kommentar