Viser innlegg med etiketten Glutenfri. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Glutenfri. Vis alle innlegg

tirsdag, september 20, 2011

Cookies

Snilde Hilde på jobb gav meg her ein dag ei oppskrift på glutenfrie cookies og i helga gjekk eg inn for å gi den eit forsøk :)

Samlebilete av alle ingrediensane (utenom sjokoladen). Skal ikkje så mykje til!

Cookies:
100 gr romtemperet margarin/smør
75 gr sukker
75 gr brunt sukker
1 egg
1 ts bakepulver
130 gr fin mjølmix
Oppskrifta anbefalte Toro kakemiks, men eg prøvde meg med Semper Fin Mix

Miks smør og sukker kvitt, og bland inn resten av ingrediensane.

Når cookie-deiga er ferdig blanda er det berre å mikse inn det man ønskjer av goodies som sjokoladebitar, nøtter og rosiner :)

Steik dei midt i ovnen på 180˚C i 9-11 min

Litt ivrig plasserte eg alle porsjonane på eit brett utan å tenke på at dei ville sige utover....

...dermed blei det 1 kjempe Cookie! 

Dei var litt porøse i konsistensen så løysinga blei å bryte dei opp og momse dei i seg! 
Mhmmm, eller som Mr. Melk ville sagt det: Det smake gååått!
Koseleg helgekos blei det iallefall med kaffi, cookies og fyr i peisen. 


Eller iallefall lys i peisen...når ein ikkje har ved lett tilgjengeleg fungerar det veldig bra med kubbelys i peisen. Blir ikkje varmt, men ser like koseleg ut ♥



tirsdag, mai 31, 2011

Mine første glutenfrie rundstykker!

Etter å ha blitt lettare overraska over konsistensen på glutenfri deig når eg skulle lage pizza bestemte eg meg for å prøve meg på ei brøddeig. Istaden for å kaste vekk masse dyrt mjøl på eit mislykka brød laga eg no kun 1/4 brøddeig fordelt på 6 rundstykker.

Første ein må vite, som eg har lært av eit par timar på internett, er at glutenfri deig skal vere blaut, men tjukk. Akkurat som ei brownies deig. Har også lest at mange bruker noko som heiter fiberhusk eller Psyllium for å få meir normal konsistens på deiga, men det får bli til neste forsøk.



Oppskrifta eg brukte var den som stod på "Grov Mjölmix"-pakken fra Finax. 
4 dl vatn (37˚C)
25 gr gjær
1,5 ss sirup/sukker
1 ts salt
2 ss olje/25 gr margarin
400 gr glutenfritt mjøl


Tilsatte alle ingrediensane i ein bolle og miksa i maskin i minst 5 min. Etter tips på nettet brukte eg ballongvisp og ikkje eltekrok. Sukker eller sirup i deiga er vist viktig i glutenfri deig for å få den til å heve/gjære godt. 

Når deiga er ferdig med kna-prosessen i kjøkkenmaskina er den klar for heving. Dersom du lagar brød er det berre å helle røra direkte i ei smurt brødform, men eg skulle prøve meg på rundstykker..


For å enkelt fordele deiga i små boller på bakepapiret helte eg den i ein plastikpose som eg så klipte av enden på. For å unngå masse deig oppover posen nytta eg eit litermål som poseholdar! Lurt, ka?


Spent satte eg rundstykka til heving, og etter ein times tid (trengte berre å stå i 35 min i følge oppskrifta) var dei sege godt utover til store cookies. Hadde vel håpa at dei skulle heve litt meir i høgda, men slik blei iallefall resultatet :)


Glutenfritt brød smaker ikkje slik som vanleg brød, men når du ikkje forventar deg samme smaken er det overraskande godt. Litt anna konsistens og den ser litt plastik-aktig ut, men som du ser på biletet så ser dei heller ikkje så verst ut.



Godt fornøgd med første forsøk :)

mandag, mai 30, 2011

Rask kake = rullekake

Av og til treng du ei kake i ein fei og då kan eg verkeleg anbefale rullekake.
Eg laga det for fyrste gong til 17.mai i år og blei rett overraska over kor enkelt og raskt det var å lage ei så god kake :)


Oppskrifta fant eg på "Det søte liv..." og oppskrifta heiter Jordbærrulade.
Ingredienser:
4 egg
180 g sukker
60 g kveitemjøl
70 g potetmjøl
0,5 ts bakepulver
(Glutenfri versjon: Bytt ut kveitemjøl med potetmjøl)

Fyll:
3 dl kremfløyte
1 dl melis
1 kurv jordbær
(brukte litt ekstra kremfløyte til å dekke utanpå)


Piskar eggedosisen leeeeeeeeeeeeeeenge!
I det siste har eg latt mikseren gå medan eg har gjort andre ting og resultatet har vore ein særs luftig sak. La den stå å gå i 10-15 min.
Bland forsiktig inn det tørre så du ikkje rørar ut lufta av eggedosisen og hell røra i ei stor langpanne (30x40cm) som du har dekt med bakepapir. Eg prøvde meg på ei litt mindre langpanne og dette resulterte i at kakebunnen blei ganske tjukk. Til tynnare bunnen er til enklare er det nok å snurre den fin etterpå.

Kaka skal kun stå i 8 min på 210˚C. Når den var ferdig skal du snu den over på eit handklede med sukker på og legge langpanna over så bunnen ikkje blir tørr.

Nå er det tid for fyll! Pisk krem av kremfløyta tilsatt melis. Husk at kremfløyta må vere kjøleskapskald for at kremen skal bli luftig og fin!

Når bunnen er kald nok kan kremen smørast utover og dryss så på med deilige bær. Skjær i små biter, så blir det enklere å rulle. Her er det kun fantasien som stopper for kva bærtyper og smaker du vil ha inni rullekaka. Denne gongen prøvde eg meg på den klassiske typen med ferske jordbær og bringebær.


Når alt ser veldig godt ut er det berre å starte i eine enden av bunnen og rulle. Ver forsiktig sidan bunnen kan sprekke.
For å gjere kaka fin skjær du av endane og pyntar den utvendig med krem :)


Sidan det var 17.mai denne skulle serverast pynta eg den i dei norske fargane raudt, kvitt og blått :)

LinkWithin