lørdag, mai 14, 2011

Ølbrygging

Etter eit besøk hos ein kollega på jobb som er ein ivrig brygger av øl fekk Christopher ny giv til å starte oppatt bryggeriet. Vi hadde kosta støvet av utstyret i påska og tok det med til Trondheim.
Første forsøk på øl vart eit Coopers Lager frå Australia.

Skal ein gjere det heilt frå bunnen av må ein dyrke og malte kornet sjølv, men det er vanleg å kjøpe inn ferdig malt og koke vørteren sjølv. Det krevst litt meir utstyr enn vi har for handa i dag, men veldig omfattande er det ikkje.

Prosedyren er enkel, einaste ein treng er nøyaktighet og god tid. Eit vellykka øl er kanskje litt meir arbeid enn skissa under gir uttrykk for, men når ein får det litt i fingrane går det greit. I ølbrygging er sterilt utstyr og rett temperatur viktige stikkord.


Først starta vi med blandinga:
Settet inneheld hermetisert konsentrert maltblanding krydra med humle og ein pakke gjær. Malten rørast godt saman med eit par liter kokande vatn og mengder med sukker(1kg) i følgje oppskrifta - vårt første øl bryt nok renhetsloven fra 1857. Ein kan visstnok med fordel bytte ut sukkeret med spraymalt, som er tørka konsentrert malt.


Temperaturen blei nøye fulgt når omkring 18 liter vatn skulle tilsetjast. Det er viktig med riktig temperatur for at gjæra skal oppføre seg som ein vil. 43˚C som på biletet er altså for varmt.
Ein typisk pilsnerøl skal gjærast på 10-15ºC, medan ein ale skal stå på 15-25ºC. Kaldaste rommet vårt er vaskekjellaren med 15ºC...

Blandinga endte på omkring 23 liter og 16˚C da gjæra blei tilsatt og rørt inn. Med 16ºC forventar ein litt å få litt fruktighet, dunken stod også i romtemperatur første døgnet til gjæringa starta skikkelige.

Pinnen i midten av skummet er ei Oechslevekt.
Sitat fra Bryggewiki: "Oechslevekt (uttales økselvekt) er et måleinstrument som måler egenvekt til væsker. Det består av en glasskoble som senkes i væsken som skal måles og en skala som viser hvor dypt vekta flyter. Til brygging brukes dette for å finne sukkerinnhold i vørter og beregne alkoholinnhold i ferdig øl."

Dunken er tetta og gjærlåsen er på plass - no er det berre å vente tolmodig på at gjæra gjer seg ferdig! Dette tek vanligvis 7-14 dagar avhengig av temperatur.

Etterkvart gjenstår berre å flaske og lagre ølet, og etter endå litt venting, 2 til 12 veker, skal det etter boka vere ferdig.
Dette blir spennande :D

4 kommentarer:

Unknown sa...

Veit ikkje kva dingsebomsen på det siste bilete heiter, men eg hugsar frå barndomstida då mamma laga vin på badet. Då tykte eg det var so moro med "blopp"-lyden frå dingsebomsen.. Det skulle tydelegvis ikkje so mykje til for å underholde meg....

Christopher sa...

Du tenker på gjærlåsen. Den er morro, det er tegnet på liv!

Veronica sa...

oj, spennande ja! spent på om den smaka ;)

Jude sa...

Jau, Det blir ikkje aul utan gjærlåsen - dette er jo ganske logisk da Sonja :) hå håhå! peiling? ej ? NEI=)

MEN, bra jobba! ej ha tenkt å brygge mej nokre 20 liter vin her en gong. Tenkt da. ti krone litern=)

LinkWithin