lørdag, februar 26, 2011

JC tacoskole del 2!

Etter suksessen med heimelaga taco-krydder blei vi inspirert til vise kor enkelt ein kan lage tortillas! Vi haldt oss til heimelaga lefser og kryddermiks, altså ingen sjølvdyrka salat eller nykverna kjøttdeig i denne omgang.


Jill Alice og Sonja viser seg som flotte kjerringemne, i full sving med å kjevle ut flotte lefse-emne.

Tortillas (5 stk):
50 gr maismjøl (IKKJE maizena)
80 gr kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts salt
4 ss olivenolje
0.5 dl vann

Bland ingrediensane til ei fin deig som ikkje kleimar.
Vi har prøvd å la deiga stå litt, men det viser seg at den er enklare å kjevle og handtere med ein gong.

Pass på at diameteren på lefsa ikkje blir større enn steikepanna!
Tjukkelsen er det ingen fasit på, men ca 1 mm tykkjer vi er eit bra utgangspunkt. Vert dei for tjukk har dei det med å knekke lett. Her i huset lagar vi dei så tynn som vi klarer å få dei.

Bruk ei tørr steikepanne og la den varme seg godt opp på full guffe. Lefsene skal kun ligge i ca 30 sek på kvar side. Blir boblene brent er det for varmt og om det ikkje boblar er det for kaldt. Her må du berre prøve deg fram, same som når ein skal steike pannekaker, det trengs eit par forsøk før ting sitt :)

Resultatet blir ei mør og lett lefse som nærmast smeltar i munnen, ikkje samanliknbar med hundeskinnet dei sel i butikken.

Det er ABSOLUTT verdt det lille ekstra arbeidet og går mykje fortare enn du trur(etter litt trening).

God helg :)

lørdag, februar 19, 2011

Frisørsalong Barth & Co

Lenge har eg håpt på eit hårfargingstilbud fra Groupon og samtidig sett etterveksten bli lengre og lengre...NO var det nok venting! Mi snille frisør-søster heiv seg rundt og sendte oppover ein redningspakke som innehaldt 4 ulike brunfargar frå Richesse i nyansane 5, 4, 5.15 og 5.25, som er lys og mørk brun og to nøttefargar + utstyr :)

Som tidligare assistent på Paletten Frisør, Haramsøy, har eg noko erfaring innan bransjen. Å utføre dette på seg sjølv er derimot ikkje så lett. Lene Barth blei derfor overtala til å vere frisør, med Christopher som assistent og etter ei kort innføring satte vi (noko nølande) i gang. 

 Lene klarte seg utmerka som frisør :)


Etter ein time med arbeid var håret "så godt som nytt" og fargen blei frisk og fin.

Må innrømme at det var ganske spennande å føne håret og sjå kva farge eg hadde fått :)

fredag, februar 18, 2011

Heimelaga tacokrydder

Det er fredag og straks helg. I god norsk moderne tradisjon er tex-mex eit populært innslag på middagsbordet. Vi har studert kryddermixpakken på butikken og dekomponert innhaldet og gjort vår eigen versjon av denne. Utan å ha rekna på det vil vi tru at stykkprisen kjem langt under dei 10-15 kronene pakken på butikken kostar.

Prisen er ikkje så viktig, er jo veldig stas å kunne vere sjølvberga, samt at ein har full kontroll på innhaldet. Spisskummin er den dominerande smaken vi kjenner att, men i eit ekte meksikansk kjøkken er den faktisk ikkje så dominerande.
Oppskrifta vi brukar er omlag slik:
Kryddertyper:
Paprika, Spisskummin, Koriander, Cilantro og Chipotle.
Sidan Chipotle er ganske sterk kan det vere ein fordel å tilsette dette tilslutt ved prøvesmaking. Her har vi heller ikkje putta salt i miksen som er ein viktig bestanddel i butikkpakken (ilag med MSG/smaksforsterker).



Chipotle og Cilantro krydderet har vi bestillt fra USA på eBay.

Chipotle er tørket, røkt chili, ofte av typen jalapeño, som er mye brukt i mexikansk matlaging.(Wikipedia) Eit krydder vi fekk smaken på i USA gjennom restaurantkjeda: Chipotle - Mexican Grill

Voila: Heimelaga tacokrydder :)

Steik kjøttet som vanleg på sterk varme og litt om gongen. Om du vil ha den gryteaktige konsistensen med 1 dl vatn som ferdigpakken må du jamne med mjøl og brune nokre minutt. Mjølet tek til seg væska som kjøttet skil ut. Salt er som sagt viktig, og det kan gjere seg bra å steike litt kvitløk i lag med.

onsdag, februar 16, 2011

Little Indonesia

ISFiT-gjestane våre er på plass: Kiky og Anggita frå Indonesia.


Her får dei servert heimelaga rømme og risengrynsgraut. Dei sa det smakte bra, men det trur vi dei hadde sagt uansett... Blide og hyggelege er dei iallfall!

søndag, februar 13, 2011

Kaffitrakter

Vår nye geniale kaffitrakter er verkeleg noko å trakte etter ;)

Det er Eva Solo som leverer denne lekre saken som på fint heiter «Coffe Funnel» og fordelen er at vi kan få 1 kopp nytrakta kaffi rett i koppen!

Alt som må til er å plassere eit filter med ca 1 kaffiskje filtermalt og helle over ca 2 dl nykokt vatn! Trakta står av seg sjølv i koppen så da kan du lage til ein liten matbit eller snacks til kaffien medan du ventar.


Kaffikos :)

Vil med denne gode dufta av nytrakta kaffi sende ei helsing til alle mødre:
Gratulerer så mykje med morsdagen i dag ♥

fredag, februar 11, 2011

Professor Splash på Gløs

Det er jo allereie godt dekka i riksmedia, men Jill Alice & Christopher Blogg hadde sjølvsagt si eiga utsending på verdsrekordforsøket. Det vart eit langt kvarter å vente i kulda for 1 lite sekund moro, men absolutt verdt det:



Landinga med litt reklame først ligg på vgtv eller fra eit tidligare forsøk på youtube.

torsdag, februar 10, 2011

ISFiT er straks igang!


Vi har registrert oss som vert for ISFiT, og i natt klokka 01.00 skal vi plukke opp våre to gjestar på Samfundet. Cirka 500 deltakarar frå 104 land kjem til Trondheim og skal pjaske med forskjellig. Vi treng berre å stile med frukost og seng(som vi fortsatt manglar..). Vi ønsker oss lykke til med gjestane og håper det blir eit givande besøk!

PS: Du kan støtte deltakarane økonomisk med å gi ein donasjon her.

tirsdag, februar 08, 2011

Regningsrot?

Tenkte vi skulle kome med eit tips for alle som ønsker å få litt meir orden på økonomien seg i mellom.

Ein gammal, men god idé som vi oppdaga for litt sidan er nettstaden http://delregning.no/. Dette er ein norsk versjon lansert for nokre år tilbake i konkurranse mot ei rekke tilsvarande engelske tenester.

Konseptet er uansett enkelt: Felles aktivitetar der alle betalar litt her og der gjer det nestan umogleg å halde kontroll på kven som skyldar kven kva. Delregning.no gjer dette for deg, du lagar ei regning og legg til deltakarar. Kvar deltakar skriv inn sine delsummar og kven som var med på moroa. Delregning.no optimaliserar delbetalinga mellom færrest mogleg deltakarar og ta-dam så kjem sum og kreditor opp på 1-2-3.

mandag, februar 07, 2011

Super Bowl XLV


Natt til mandag braka det laust med Super Bowl finalen mellom Pittsburgh Steelers og Green Bay Packers.  

 
Vi starta traust med snacks og kaffi kl 00:30, men klokka 03:12 måtte tre av oss gi tapt til senga pga jobb og skule idag. Stillinga var da 17 - 21 til Packers, og det var ein ganske open og spennande kamp!

I dag kunne vi lese på nettavisene at det var spenning til siste slutt og at det var Packers som gjekk av med seieren: 31 -25 over Steelers.

Under «Halftime» var det duka til eit forrykande show av Black Eyed Peas. Sjølv om lyden var ganske skuff var det ikkje noko å utsettje på «flashmob» showet. 


Det blei også mykje oppstyr i dag rundt Christina Aguilera sin såkalte "flause", men synest ho rodde sangen ganske fint i land :)


 
Til søndagskos hadde eg og Lene baka to brett muffins: eit med lyse i amerikansk størrelse og dette med lekre små sjokolademuffins :)

 
Sjølv om det berre var 2 kokkar blei det mykje søl, og vi fekk oss ein god latter då halve eggedosisen havna på veggar, golv og Lene ;)

søndag, februar 06, 2011

Klypa i Trondheim

I går var vi på Byscenenen og såg Klypa-showet "Laaangt over streken". Det begynte bra med at vi hadde 2 kopiar av same billett, og i tillegg hadde dei to andre i følget lagt igjen billettane heime. 4 personar og 1 billett altså. Etter litt fram og tilbake lot dei oss passere med å vise pdf-versjonen som vi lasta ned på telefonen. Stadig vekk viser smart-telefonen med internett og epost å vere ein god idé...

 Trass i ein trøblete start blei det ein triveleg kveld med mange gode latterkuler. Spesielt når bussjåføren Kjellen kom på scena :)

Mannen bak Klypa, Thomas Ryste, imponerte også stort på musikkfronten med mykje god musikk og sang imellom vitsane.

onsdag, februar 02, 2011

Endelig ski under beina!

Det er allereie februar, men søndag rakk vi ein tur på Vassfjellet Skisenter før den første månaden i 2011 var omme. Jill Alice stilte med nyinnkjøpt alpinutstyr, og bilen stilte med skiboks (som vi gjorde eit kupp på i sommer) for første gang.











Salomon ski,sko og jakke. Hjelm frå Roxy og stavar frå Leki. Skiboks: Skiguard 850.


Non Stop Marabou melkesjokolade fra Sverige, appelsin fra Rema.



10 cm nysnø gjorde forholda ganske bra, men mangel på sol ga flatt lys. Etter 2år skipause merka kroppen melkesyra godt, så vi tok det ganske rolig.
Jill Alice hadde lagt på en CH8 voks og traff perfekt, mens Christopher hadde CH10 på sålen og den vart litt varm med -1º i lufta.Vi gledar oss til neste snøfall.

fredag, desember 31, 2010

onsdag, desember 29, 2010

Snøborg

Kvit jul på Sunnmøre er eit vakkert skue!

 På garden har vi måka saman ein stor snøhaug og grava oss ei flott snøborg.

 Blei skikkelig tøff når mørkret senka seg og vi fekk tent lys inni hula.

Innvendig er det god plass og ei lang sklie. Katten vår Solo var veldig entusiastisk for den nye leikeplassen :)

tirsdag, desember 21, 2010

Juleferie :)

Då er ein etterlengta juleferie endeleg i gong! Etter litt stress med å få med seg alt som skulle vere med, set vi no godt plassert bakerst i bussen på vei til Ålesund!

Glade jul :)

mandag, desember 20, 2010

Pakkekaos

I morgen reiser vi hjemmatt til jul og det er no totalt pakkekaos på rommet vårt! Mange pakker er endelig klare for å bli frakta til sine respektive juletre på Sunnmøre:) ..og fleire skal det bli!

Gledar oss veldig til å kome heim å få ein riktig god juleferie saman med familie og venar ♥

søndag, desember 19, 2010

Tida går fort!

Sat å bladde i bileta mine på mac'en og kom då over bileter frå jula 2009. Blei då nyfiken på kva vi gjorde den 19. desember 2009.

Tok meg derfor ein titt innom USA-bloggen vår og fant dette innlegget: 
For nøyaktig 1 år sidan var vi nemleg i San Diego og kjøpte oss bil for å kunne ta med julebesøket på roadtrip i California. Det er heilt utruleg å tenke på at dette er eit heilt år sidan!

Huskar eg var veldig spent på korleis det ville bli å feire jul i California.

Kva gjorde du den 19. desember 2009?

mandag, desember 13, 2010

Blogganbefaling :)

Det er alltid kjekt å følge med på andre sine blogger og føle at ein får eit innblikk i kva andre brukar kvardagen sin til.
Ei tuppe som gir meg masse inspirasjon er Julie som har bloggen «Livet på Vang». Ho er kreativ og har mange gode idèar som gir flotte produkt, og det er alltid noko nytt på gong!

Godt jobba Julie, gleder meg allereie til neste bloggpost :)

"Ta dej en tur da vel"

søndag, desember 12, 2010

Karameller


Karameller er noko vi sjelden lagar og var derfor litt nyskjerrige på kor bra det eigentleg kunne bli. Vi satte igong og varma smør, sukker og sirup i ein kjele til det bobla godt. For å teste om karamellen var ferdig la vi litt oppi ei glas med kaldt vatn og dermed fikk vi sjå kor hard den kom til å bli.

Vårt første forsøk kokte litt lenge og blei dermed til eit knallhardt flak med karamell. God om ein passa på å ikkje tygge. 
På forsøk nr 2 var vi litt meir forsiktig med koketida og tok den av plata med ein gong den størkna litt i test-glaset.  I denne karamellen tilsatte vi også litt fløyte.
Skikkeleg god og mjuk, og kleima seg godt i tenne.

 Med eit trekk sjokolade på smakte dei akkurat som Toffin ;) 

Det er så kjekt at det er lov å lage så mykje godt denne månaden. 
Nyt det medan vi kan ♥

Karamelloppskrift:

1 ss smør (stor ss)
1 dl sukker 
1 dl sirup
1 dl fløte

Skal koke godt, men rør mykje og test ofte.

Lukke til! 

lørdag, desember 11, 2010

Julebord

Fredag inviterte Tieto alle Trondheims-ansatte med følgje til julebord på Lerkendal Stadion. 
Klokka 18:00 starta kvelden med «Tieto Talent». Dette er ein kopi av Eurovision for Tieto der alle land har valgt ut eit Talent som skal representere dei i konkurransen. Varierande kvalitet på framføringane men grei underholdning og mykje moro med terningkast og stemming.


Julemiddagen var veldig god og magen blei nok litt for mett..men det var verdt det ;) Under desserten fikk vi besøk av RBK maskoten «Troillet» kledd i fin nisselue.


Det blei ein flott kveld med mykje moro. 

torsdag, desember 09, 2010

Pakke fra Amerika!

ENDELIG kom pakken som eg har venta så lenge på! 
I starten av november bestillte eg meg nemleg «punches» frå Martha Stewart, og sidan det har eg berre venta og venta..


Det har tatt litt lang tid sidan eg måtte sende pakken på ein liten omveg innom venninna mi, Kristine Ashley, som eg budde saman med i California i fjor.
Men den som ventar på noko godt... ;)

 
Sjå så mange flotte figurer! Eg er så fornøgd med mitt nye innkjøp.

Litt overlessa arbeidsbord.. skulle gjerne ha hatt eit eige hobbyrom eg kunne ha boltra meg på..
 

No er det iallefall ikkje utstyret det skal stå på. 
Kanskje det blir laga eit par julekort i kveld ?;)

Juleklem frå Jill Alice
♥

LinkWithin