Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg

søndag, desember 11, 2011

Julemiddag i Klostergata

Søndag 11.desember diska vi opp med heimelaga julemiddag for dei stressa studentane i huset som premie for ihærdig innsats i eksamensperioden.

Starta tidleg med tilberedning av tilbehøret: f.v Kålrabi til rabbestappe, surkål, rødkål og poteter!

Svineribba vart dynka i salt kvelden i forvegen i håp om god smak på svoren.

Christopher trylla fram ein kryddermiks som vi krydra ribba med før steiking.
Julemixen bestod av salt, pepper, allehånde, ingefær og nellik.

Ribba blei lagt i forma med svoren ned og så fylte vi på med så mykje vatn at det dekte svoren.
Etter 1 time på 170 grader snudde vi ribba og lot den stå i 1 time til. Fulgte med temperaturen på ribba så den ikkje skulle bli over 75 grader.
Tok ut ribba og varma opp ovnen på høgaste varme (sidan grillfunksjonen ikkje fungerar i ovnen vår)

Avslutta prosessen med å sette ribba på høgaste rille og jevnlig helle over kraft over svoren.
Sakte men sikkert blei svoren meir og meir sprø, og vi vart meget fornøgd med dette resultatet!

Miksa rabbestappa med stavmikser for å få god konsistens. Legg merke til "Chef´s Tanta"-forkledet mitt som eg fikk av nevøane mine i fjor jul:)

Kokken Christopher i gong med å skjære opp svineribba og ein skrubbsvolten Torgeir følger ivrig med.

Klostergata 12:
Sondre, Sina, Grethe, Lene, Torgeir, Jill Alice og Christopher :)

søndag, desember 12, 2010

Karameller


Karameller er noko vi sjelden lagar og var derfor litt nyskjerrige på kor bra det eigentleg kunne bli. Vi satte igong og varma smør, sukker og sirup i ein kjele til det bobla godt. For å teste om karamellen var ferdig la vi litt oppi ei glas med kaldt vatn og dermed fikk vi sjå kor hard den kom til å bli.

Vårt første forsøk kokte litt lenge og blei dermed til eit knallhardt flak med karamell. God om ein passa på å ikkje tygge. 
På forsøk nr 2 var vi litt meir forsiktig med koketida og tok den av plata med ein gong den størkna litt i test-glaset.  I denne karamellen tilsatte vi også litt fløyte.
Skikkeleg god og mjuk, og kleima seg godt i tenne.

 Med eit trekk sjokolade på smakte dei akkurat som Toffin ;) 

Det er så kjekt at det er lov å lage så mykje godt denne månaden. 
Nyt det medan vi kan ♥

Karamelloppskrift:

1 ss smør (stor ss)
1 dl sukker 
1 dl sirup
1 dl fløte

Skal koke godt, men rør mykje og test ofte.

Lukke til! 

torsdag, desember 09, 2010

Pakke fra Amerika!

ENDELIG kom pakken som eg har venta så lenge på! 
I starten av november bestillte eg meg nemleg «punches» frå Martha Stewart, og sidan det har eg berre venta og venta..


Det har tatt litt lang tid sidan eg måtte sende pakken på ein liten omveg innom venninna mi, Kristine Ashley, som eg budde saman med i California i fjor.
Men den som ventar på noko godt... ;)

 
Sjå så mange flotte figurer! Eg er så fornøgd med mitt nye innkjøp.

Litt overlessa arbeidsbord.. skulle gjerne ha hatt eit eige hobbyrom eg kunne ha boltra meg på..
 

No er det iallefall ikkje utstyret det skal stå på. 
Kanskje det blir laga eit par julekort i kveld ?;)

Juleklem frå Jill Alice

lørdag, desember 04, 2010

Julekakebakedag

 
Jentene i full sving med baking og pynting av pepperkaker og julemanner

onsdag, desember 01, 2010

Julestemning

I Trondheim har det i november vore den kaldaste månaden på minst 222 år stod det i Adresseavisa. Då lovar det ikkje godt at det no skal bli kaldare.. Bra er det då at det er desember og vi kan kose oss med alt det gode som høyrer jula til.
I dag vart det litt juleshopping på Solsiden, og her har dei verkeleg slått på stortromma. Området er pynta i tusenvis av lys, og både ute og inne kan du høyre koseleg julemusikk.
 Julestemning blei det også på jobb i dag då eg fekk vere med å pynte juletre! Gjennom åra har det blitt litt skavankar på det stakkars plastikktreet så det hadde litt problem med å stå med rak rygg, men det blei no litt sjarmerande når julepynten kom på :)

 Nissane har fått heidersplassen på kontorpulten min.

♥♥♥

 I desember er det også veldig koseleg med julekalender, og Lene hadde da den fantastiske idéen at vi burde ha ein felles kalender i Klostergata. Alle fekk dermed i ansvar å kjøpe inn 4 pakkar kvar og idag var bardisken vår overfylt av spennande pakkar.


God førjulstid alle saman!

LinkWithin