Karameller er noko vi sjelden lagar og var derfor litt nyskjerrige på kor bra det eigentleg kunne bli. Vi satte igong og varma smør, sukker og sirup i ein kjele til det bobla godt. For å teste om karamellen var ferdig la vi litt oppi ei glas med kaldt vatn og dermed fikk vi sjå kor hard den kom til å bli.
Vårt første forsøk kokte litt lenge og blei dermed til eit knallhardt flak med karamell. God om ein passa på å ikkje tygge.
På forsøk nr 2 var vi litt meir forsiktig med koketida og tok den av plata med ein gong den størkna litt i test-glaset. I denne karamellen tilsatte vi også litt fløyte.
Skikkeleg god og mjuk, og kleima seg godt i tenne.
Med eit trekk sjokolade på smakte dei akkurat som Toffin ;)
Det er så kjekt at det er lov å lage så mykje godt denne månaden.
Nyt det medan vi kan ♥
Karamelloppskrift:
1 ss smør (stor ss)
1 dl sukker
1 dl sirup
1 dl fløte
Skal koke godt, men rør mykje og test ofte.
Lukke til!
4 kommentarer:
NAM, detta såg og hørtast veldig godt ut! :)
Må sjå om ej ikkje rekk å lage litt før jul ;)
Dokke e so utruli flenk å lage ting og styre på! Det verka so utruli kosli ;-)
Det såg godt ut,dokke må ta med ein liten smak heim til jul:)
ÅÅÅH! ta me litt heim da:)
Takk :) Skal sjå om det blir noko att som vi kan ta med heim. Ein liten smak blir det nok ;)
Legg inn en kommentar