Viser innlegg med etiketten Hus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hus. Vis alle innlegg

søndag, oktober 23, 2011

Huseigarar, vi?

Ja, det stemmer! Vi har kjøpt hus på Lerstad, eit renoveringsobjekt over 2 plan.

Vi fortsett på ubestemt tid i noverande jobb begge to, men det blir nok litt fleire heimreiser enn vi har hatt det siste året.  Altså ingen plan å om flytting enda.

Huset er frå 1968 og har sannsynsligvis ikkje blitt brukt som bolig på ei stund. Først og fremst er det ein vannskade i kjelleren som må utbedrast, resten av interiøret får vi ta etterkvart. Vi treng nokre rundar på behov og fornuftig framdrift - her er det om å gjer å ikkje byrje på alt samtidig.

Eit viktig spørsmål er dessuten: Skal vi behalde den grøne grunnmuren eller ikkje? I tilfelle kva farge?

LinkWithin