torsdag, desember 01, 2011

Nytt golv i entréen



Ved første syn var ikkje entréen særleg innbydande. Biletet frå visninga visar golvet med rester av eit gammelt teppe som var har blitt delvis fjerna.

Etter første besøk vart det vel konsensus om å legge nytt golv.
Fra stua og inn mot kjøkkenet kunne vi sjå tydelege spor etter Hans (tidlegare eigar).

Før vi kunne byrje med golvlegging kom ideen om å vaske golvet... 

Den velkjente skoteknikken krev lite utstyr, men tærer på sålen.
Etter dag 1 kunne vi byrje å sjå eit raudt golvbelegg frå 60tallet i god behold!

Den mystiske blandinga av skit og lim sat ekstremt godt fast og eg trur vi prøvde dei fleste vaskemiddel og løysemiddel vi kunne finne. Til tider blei også eit brekkjern benytta for å skrape reint belegget..


Etter dag 2 ser golvbelegget så godt som nytt ut!

Tusen takk til 4 gode hjelparar som vekeleg la stor innsats i å finne fram gløden i golvet!
Til jula vert det ein siste finsh med eddikvask og boning.
..og om ikkje det blei lagt nytt golv i entréen, så fant vi eit nytt golv :)


2 kommentarer:

Unknown sa...

Ikkje so aller verst når du finn et nytt gølv opponde skitn ;)

Veronica sa...

blir spennande å sjå ka som skjer me huse dåkka :)

LinkWithin