Vil berre ynskje alle ein fantastisk Thanksgiving.
Dette er dagen for å vere takknemleg for det vi har og eg håper alle tek seg tida til å tenkje på kva dei er takknemlege for!
Dessverre har dagen gått stille forbi her i Klostergata då Christopher er på jobb i Oslo. Men vi har fortsatt trua på å halde tradisjonen med familie/venne-middag denne dagen då vi endå har gode minner frå fjorårets høsttakkefest.
Vi er iallefall veldig takknemlege for alle dei flotte vennane vi har, at vi har ein stor familie som passar på kvarandre, at vi bur i eit knall kollektiv, vi har gode jobbar og ikkje minst; vi har blitt huseigarar :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar