lørdag, november 20, 2010

Sommerprosjekt, del 3

"Ny" kjøkkenbenk!

Juryens 3 gode grunner for valg av dette oppussingsobjekt:
  1. Store hull i lakken og mange kniv-skader
  2. Ein ting husmor må nytte og sjå på KVAR dag!
  3. 30 år gammal trebenk. Sjølv om det er av beste kvalitet, betyr det ikkje at den ikkje kan trenge litt pleie og vedlikehald.

Vi nytta først beste pusse-utstyr fra Bosch for å bli kvitt lakkrestane, men endte opp med ei gammal skrape for å manuelt skrape av lakken. Overraskande kor overlegen gamle redskap kan vere til moderne batteriverktøy!
Etter mykje svette og tårer var lakken vekk og vi fekk gå tilbake til Bosch sin pussemaskin. I alt tre runder med pussing med grovheit 60, 120 og tilslutt 240. Benken var no ein halv cm lavare, og etter 3 strøk med "Liberon Finishing Oil" såg det ut som vi hadde kjøpt nye benkplater :D

torsdag, november 18, 2010

Sommerprosjekt, del 2

Maling av fjøsdører

Juryens 3 grunner for valg av oppussingsobjekt:
  1. Dei raude dørene var lysebrun
  2. Trengte eit lag med lakk for å unngå å rotne opp
  3. Etter å ha blitt offer for høgtrykkspylaren som eigentleg skulle vaske murveggen, fortjente dei ein liten trøst.


Fin farge?
I malingsspann-samlinga til husbonden fant vi nemlig kun svart og signal-raud lakk. Christopher nytta då sine kunnskaper fra formgiving på barneskulen og trylla fram denne fantastiske raudfargen!

onsdag, november 17, 2010

Sommerprosjekt, del 1

Prosjektoppgave på skulen og fulltidsjobb gir lite rom for kvardagsprosjekt for tida. Vi har dog eit par kaniner i hatten, og kan trylle fram litt frå tidligare i år.

I sommar var vi nemleg fjøsbondar så mamma og pappa fekk ta litt ferie, og mellom morgen- og kveldsstellet er det mange timar å slå i hjel...

Etter ei lita idemyldring ved frukostbordet hadde vi ei lang liste med ting som kunne takast tak i. Alle kan vel finne noko i heimen sin som stadig vert utsatt fordi det ikkje er prekært nok eller at ein rett og slett ikkje har nok timar i døgnet. Dette er også tilfellet her på gården.
Vi gjekk derfor laust med store visjonar på alt som kunne fiksast medan vi var aleine:)


Sommerprosjekt, del 1
Facelift av 30 år gammel verandadør

Juryens 3 grunner for valg av oppussingsobjekt:
  1. Døra var raud på baksida (ute) og utvaska brun på framsida (inne).
  2. Katten bruker døra som dørklokke ved å henge på dørkarmen for å sjå om vi er heime, for deretter å bruke alle 20 klør til å gjere oss oppmerksom på at den vil inn.
  3. Den var rett og slett svært lite pen!





Før og etter bilete av verandadøra!
Blei ikkje den flott vel ? ;)

mandag, november 01, 2010

Første arbeidsdag

1. november 2010 og min første arbeidsdag hos Tieto i Trondheim. Tieto har hyggelege lokaler plassert sentralt ved Solsiden, og kun 7 min sykkelavstand ;)

I dag var det mykje informasjon om HR, pensjon og forsikring, retningslinjer, arbeidsreglar, osv., omvisning og eindel pdf-slides om programmvaren eg skal jobbe med. Sidan det er første dag merka eg at det ikkje er så mykje av informasjonen som er lett å forstå, men håpar sjølvsagt at brikkene vil falle på plass etter kvart som eg får noko arbeid å bryne meg på. I dag hadde eg iallefall nok med å plukke opp all infoen. Skal ikkje vere berre berre.

Dagens oppsummering: "System overload", men fornøgd med både staden, sjefen, medarbeidarane og kantina ;)

- Jill Alice

onsdag, oktober 27, 2010

Heimelaga kort

Kort er noko ein alltid har bruk for enten det er bursdag, jul eller berre ei helsing. Eg synest også sjølv at det er litt stas å få eller gi noko som er heimelaga og har derfor no så smått starta opp ein liten hobbykrok for å lage kort når det skulle vere høve for det.


Papir med mønster er ikkje alltid så lett å få tak, men i sommar kom eg tilfeldigvis over nokre med tapetbøker som var mulig å få kjøpt. Tapet er oftast litt mjukt til kort, men med to lag blir det eit veldig bra resultat. Og så er det så mange flotte mønster :)

Den nye papirkuttaren min er til stor hjelp, men på dei store tapet-arka må eg ty til den største papirkuttaren; ein tyskprodusert Dahle 554 som kuttar opptil 2mm ark på over 70 cm breidde!

Bilete av nokre av korta mine til no:






Nærbilete av barnevogna:

Kjekt å ha noko å pusle med :)


mandag, oktober 25, 2010

Travel kvardag?

Det er fortsatt ei veke att til jobbkvardagen startar så kvardagen er vel alt anna enn travel, men dersom den hadde vore det hadde nok dette vore ei artig løysing ;)

søndag, oktober 24, 2010

Frisørtime


Det er vel ingen grunn til å ha dårlig utstyr berre fordi ein er amatør? ;)

 
Her er våre to nyinnkjøpte frisørsakser som skal gjere frisørtimen enda kjekkare :) Saksa til venstre er ei tynnesaks av typen Jaguar Satin 6", medan den andre er ei Jaguar Ergo P 5" og begge er kjøpt på Amazon!


 




 
Christopher fleska også til på ei frisørkappe!
«Everyday Hair Fever»

 
Med så mange flotte frisørsaker måtte vi sjølvsagt også dedikere ei øskje til formålet ;)

Som ein kan sjå på biletet var håret til Christopher no blitt veldig tjukt. Ein halvtime seinare og kanskje overdreven bruk av tynnesaksa blei resultatet ein stor haug med hår i søppelet og dusjen.
Gløymte sjølvsagt å ta bilete av den nyklipte, men han var iallefall godt fornøgd!


Frisøren var også godt fornøgd med utstyret, men Ergo-saksa var kanskje litt kort. Fungerte flott på småpirk, men blei litt kort når store områder skulle klippast. Kanskje to sakser med ulike lengder er tingen?

Neste ynskje til «frisøreska» trur eg iallefall må bli ei barbermaskin så øyrene og nakken kan takast litt raskare ;)

onsdag, oktober 20, 2010

Snart jul? :)



Det er kanskje litt tidleg å glede seg til jul enda, men i dag var det skikkeleg julestemning her i huset! Utanfor vindauget var det nemlig 10 cm med deileg kvit nysnø!!

I tillegg til julestemning ute var det gaveoppakking inne! Christopher hadde nemlig bestilt mange varer frå Amazon som endeleg kom fram, og lite visste andrepart om kva som var bestilt ;)



Ein av dei nye duppedingsane som blei kjøpt var denne råtøffe papirkutteren!
Ikkje berre kan den skjære rette kantar, men den har også tilleggsknivar (grønn, raud og oransj) med mønster!! To taggemønster og eit med striplalinje (slik som er på ark der du skal rive av ein del, feks giro) ;) Kva eg skal bruke det striplete mønsteret til er enno uvisst, men det er morosamt å ha.

Gledar meg masse med å kome i gong å lage julekort, og no når både kuttar og stemning er på plass er det vel ikkje noko å vente på ;)

tirsdag, oktober 19, 2010

For ei helg!!

Denne helga har det vore fullt kjør med Sushifest, kaketest/fest og mykje besøk av venar og familie!

Helga er delt opp i 3 innlegg, i omvendt kronologisk rekkefølge:


Altså: ei koseleg helg i gode venners lag :)

Testing av kakeform


Vi skal bake kaker til barnedåp har difor den siste tida øvd litt på det søte liv. Ikkje berre er det nødvendig med trening; det er også ei god unnskyldning for å få bake ei deilig kake på i kvardagen!

Solveig og Emily var ikkje tung å be inn som testpanel, og vips var både gjestane og ei halv Klosterkake på plass ;)

Dei nye kakeformene som skulle testast!
Kakeformene er sjølvsag kjøpt i USA og heiter «Williams-Sonoma Goldtouch™ Nonstick Sandwich Cookie Cake Pans».

Resultatet vart ei saftig Klosterkake
(men for å spare litt på godsakerne laga vi berre ein bunn..)

Absolutt fornøgd med den nye kakeforma, men det trengs fortsatt litt trening i å få kakebunnen heil og fin ut av forma. Trass i sindig smøring og kakaopulverdryssing er den ikkje akkurat «non-stick».
Øving gjer meistar, dog er det lite truleg den vert like perfekt som i brosjyrene.





Sushi

Sushi. Kva skal vi seie om sushi?
Det er fantastisk godt når ein først blir ven med smaken og ikkje minst tanken på å ete rå fisk :)
Enklast er det sjølvsagt å kjøpe sushi på restaurant, men i Klostergata bestemte vi oss for å prøve ut heimelaga sushi!!



Sushi betyr "ris med tilbehør" så her er det berre å la fantasien ta sats!

Først måtte råvarer og utstyr kjøpast inn:
(vi fekk faktisk tak i alt dette på Bunnpris på Elgsetergata i Trondheim)
  • Bambusmatte
  • Nori (eit papir av alger eller tang)
  • Sushiris
  • Riseddik (blir vanligvis blanda ut med sukker og salt)
  • Chopsticks
  • Wasabi
  • Sylta ingefær
  • Soyasaus
Så kjem ingrediensane vi har prøvd oss på:
  • Laks
  • Torsk (dypp den i kokandes saltvatn i 1 sekund, då blir den mør og smakfull)
  • Crabsticks
  • Reker
  • Schampi
  • Avokado
  • Agurk
  • Mango
  • Vårløk
  • Philadelphia (veldig tynt lag)
  • Chilimajones (stor suksess saman med torsk og mango)
  • Rogn





Chilimajones
1 stk chili (heile med frø)
1 ss rogn
1 kopp majones


Ser ikkje dette nydeleg ut så veit ikkje eg! Det smakte iallefall heilt fantastisk og over alle forventningar!




Klostergata 12, Sondre står bak kameraet, Grethe nerdar seg på skulen.


Har du lyst å prøve deg på Sushi?

Ta ein kikk på desse filmane (det har vi gjort), veldig bra forklart:
Hva man trenger for å lage sushi.
Hvordan lage maki sushi

Barnedåp med sunnmørsk kakebord

Søndag 17. oktober skulle nevøen til Christopher døype seg og vi var så heldige å vere invitert som faddere! Tro til Sunnmørske tradisjonar skulle det også her vere eit stort kakebord, så vi tok på oss oppdraget med å bake kaker! (ikkje alle sjølvsagt)

Resultatet av ein effektiv kakebakerdag:
100 cookies med sjokoladebitar,
1 stk Klosterkake,
1 stk Moccakake og
1 brett med «millionærens mørdeigskaker» (vi kaller dei Twix-kjeks)




I bakgrunnen ser du Klosterkaka(forma som ein cookie) og foran eit fat med deilige muffins ala Birgitte og cookies og twix-kjeks fra oss! Fant raskt ut at dette fatet var barnas favoritt.

Prøvde meg på litt sjokolade pynt til Moccakaka mi :) 


Her er resultatet! Til venstre ser du den stilige dåpskaka med bilete av dåpsgutten :)



...og så eit lite bilete av oss i finstasen med gutten sjølv ;)


 Sunnmørsk kakebord resulterer ofte i mange kakerester og vi reiste heim frå dåpen med enda fleire kaker enn vi hadde medbrakt. Dermed blei det restelag i Klostergata dagen derpå :)

onsdag, oktober 13, 2010

Første prosjekt: Dokumentasjon

«Verktøyet er halve jobben» heitast det, nytt treningstøy gjer alltid susen på treningsvolumet, nye ski skal gjere underverk gjennom vinteren trur vi. Og sjølvsagt:Uten kamera, ingen blogging. Elkjøp vart dagens handlerunde og ut kom vi med eit flunkande nytt Sony Cyber-Shot HX5V. Det var sjølvsagt ikkje gjort i ei handvendig å bestemme seg, valget har stått nokre veker mellom dette og Panasonic TZ10. To veldig like kamera, til same pris, men Sonyen vant på hurtighet og design (+ det var einaste som var i butikken akkurat i dag).

Ifølge dinside.no har kameraet:
"Super videokvalitet, GPS og kompass, snasen panoramafunksjon og tar 10 bilder på ett sekund".
Dette er vel eit minimum når man skal starte eit nytt bloggliv?

Kanskje vi også kan dokumentere Jill sin første dag på jobben hos Tieto den 1. november ;)

tirsdag, oktober 12, 2010

Prosjekt-blogg

Etter ein liten diskusjon på kammerset kom vi fram til temaet «Prosjekt i kvardagen»!

«Prosjekt i kvardagen» skal bli som ei lita dagbok med ulike prosjekt vi prøvar oss på. Det er ikkje snakk om store prosjekt som å byggje eit hus eller starte ei ny bedrift; nei, vi tenkjer på små daglegdagse aktivitetar som får kvardagen til å bli minnerik.

Dei fleste prosjekta våre er nokså spontane, basert på årstida, ei tilstelling eller tilfeldige behov – kva idéar som kan dukke opp er vanskeleg å spå.
Mat, gleda ved praktisk arbeid, hobbyarbeid og rein nysgjerrigheit er viktige faktorar til at ein idé blir verkeleggjort.

Kanskje kan vi inspirere fleire til å gjennomføre noko dei har tenkt på over lengre tid?

Biletet er lånt fra www.formgiver.no.

Prosjekt California

Høsten 2009 reiste vi til California for å studere på UCSB. (University of California, Santa Barbara)! Det var eit prosjekt i seg sjølv å i det heile tatt å få reise, men etter mykje papirarbeid var året endeleg i boks.

Det var eit fantastisk år og for å dele våre opplevingar med familie og venner prøvde vi å blogge så ofte som mogleg. Alle desse bloggpostane har no fått sin egen heim på www.jcicalifornia.blogspot.com, slik at denne bloggen kan få ein ny start :)

tirsdag, september 14, 2010

Stort spørsmålsteikn

Kva undrar eg på?

Nei, skal vi sjå. Det startar ofte i det små har eg merka meg.
I dag har eg lurt veldig på om eg skal begynne å blogge igjen. Har vore stille på bloggen sidan vi kom frå USA og grunnen er vel ganske enkelt at eg ikkje føler eg har noko å blogge om lenger..

Etter ei lita bloggtørke har eg no funne ut at bloggen er ei fantastisk dagbok! Om ikkje andre er interessert i kva vi gjer på til dagleg så er det flott å kunne gå tilbake i tid å sjå kva vi har gjort! Har derfor bestemt meg for å starte oppatt med bloggen min...og det er her spørsmålsteikna byrjar å kome.

#1: Kor skal eg skrive? Skal eg fortsette på denne bloggen, min gamle blogg, mi gamle heimeside eller kanskje lage ei ny heimeside?

#2: Kva tema skal eg ha? Overalt kor eg les om tips og triks til blogging er det «tema» som er den grunnleggande starten. Tema? Korleis finn ein eigentleg eit tema som kan vere for interesse for andre? Trikset er vel kanskje at ein ikkje skal bry seg om kva andre ynskjer, men heller finne kva ein sjølv er interessert i?

#3: Kva er eg interessert i? For tida føler eg dette er eit at dei store spørsmåla som plager min tankeverden. Korleis i alle dage finn ein ut kva ein er interessert i? Og kvifor føler ein at det er flaut å ikkje vite kva ynskjer ein har?

#4: Finst det nokon fasit? Heldigvis er svaret på dette spørsmålet enkelt: Nei, det finst ingen fasit.

Eit svar får vere nok for i kveld... kanskje dukkar det opp fleire i morgon? :)

- Jill Alice -

fredag, august 06, 2010

Det var det

Jada, det er ei stund sidan forrige oppdatering; vi har sjølvsagt for lengst landa i Noreg, med norsk tidssone, lyse kveldar og eit litt meir ustabilt klima.

Vi har stortsett tilbrakt sumaren rundt om på Sunnmøre. No er det allereie august og skulestart nærmar seg, vi set kursen mot Trondheim og flyttar inn i nytt kollektiv i Klostergata om eit par veker. Då er kvardagen tilbake med striskjorte og havrelefse.

Post Script:
Bruken av "Nomen Nescio" i forrige innlegg har forvirra nokre sjeler og vi avklarer dette med å minne om forkortinga NN som står der navnet er ukjent. Og det er jo akkurat det Nomen Nescio tydar, at namnet er ukjent. Heldigvis gjeld ikkje dette i all æve, og guten har blitt skrive inn i manntallet med Aleksander som fornavn, og Leon som mellomnamn.

fredag, juni 11, 2010

Roadtrip på E6

I helga var vi fjøsavløysarar på heimgarden på Rogne, slik at foreldre til Jill Alice kunne reise på kor-stemne. Så lenge kyrne er med på notane er det eit rett hyggeleg stykke arbeid.


Her er bilete av to kviger som akkurat har fått kome ut på somarbeite, og fortsatt veldig nysgjerrige på kva den kjekke cowboyen driv med.

Laurdag blei det så bestemt at vi skulle ta turen til Oslo med nokre "småting" til systera m/samboer til Christopher. Ein strøken Mitsubishi L300 tok oss strake vegen, fullasta med verktøy, senger og og diverse baby-utstyr.
Dei har akkurat flytta inn i nytt hus, og i tillegg har dei termin på sin fyrstefødde denne veka. Vi fekk hjelpt dei med litt av kvart praktisk arbeide som montering av hyller og skap og senger, noko som alltid er kjekt å få i orden!

Etter eit par dagar i Oslo, og fortsatt ingen ny verdsborgar, måtte vi turen til Trondheim for å finne ny leilegheit.
Finn.no, hybel.no og andre annonse-nettsider vart saumfart, og vi fann eit par interessante objekt og ordna visning!
Dagen etter og to visningar seinare har vi no skreve kontrakt på ein flott bygård i Klostergata, like ved der vi har budd. Her skal vi dele fellesrom saman med 3 andre, men sidan vi er vant med 8 fra USA trur vi at dette skal gå veldig fint!


View Larger Map

Spennande :)

torsdag, juni 03, 2010

Sunnmøre

Ofte når vi tek turen heim til Sunnmøre stillar vêrgudane opp med nydeleg vêr, og dei skuffa oss ikkje denne gongen heller! 20 grader og strålande sol var absolutt ikkje den overgangen vi hadde forberedt oss på, men fornøgde er vi.

Sjølv om vi har prøvd ut grillen sidan februar i år, var det alikevel på sin plass å prøve den på ein så fin sommardag på Skodje.


Laurdagen tok vi turen ut til øya mi Longva, og på Haramsøya blei vi møtt med store smil og norske flagg hos broren min :)

Godt å kome ut på øya og barndomsheimen igjen ;)


I Hansgarden var det duka for Eurovision på tv og forsinka bursdagskake på bordet, og leiking med hattar, nieser og nevøar!


Søte Julian på 1 år :) Kan vel trygt seie at han har forandra seg medan vi har vore bortreist!


LinkWithin