tirsdag, september 14, 2010

Stort spørsmålsteikn

Kva undrar eg på?

Nei, skal vi sjå. Det startar ofte i det små har eg merka meg.
I dag har eg lurt veldig på om eg skal begynne å blogge igjen. Har vore stille på bloggen sidan vi kom frå USA og grunnen er vel ganske enkelt at eg ikkje føler eg har noko å blogge om lenger..

Etter ei lita bloggtørke har eg no funne ut at bloggen er ei fantastisk dagbok! Om ikkje andre er interessert i kva vi gjer på til dagleg så er det flott å kunne gå tilbake i tid å sjå kva vi har gjort! Har derfor bestemt meg for å starte oppatt med bloggen min...og det er her spørsmålsteikna byrjar å kome.

#1: Kor skal eg skrive? Skal eg fortsette på denne bloggen, min gamle blogg, mi gamle heimeside eller kanskje lage ei ny heimeside?

#2: Kva tema skal eg ha? Overalt kor eg les om tips og triks til blogging er det «tema» som er den grunnleggande starten. Tema? Korleis finn ein eigentleg eit tema som kan vere for interesse for andre? Trikset er vel kanskje at ein ikkje skal bry seg om kva andre ynskjer, men heller finne kva ein sjølv er interessert i?

#3: Kva er eg interessert i? For tida føler eg dette er eit at dei store spørsmåla som plager min tankeverden. Korleis i alle dage finn ein ut kva ein er interessert i? Og kvifor føler ein at det er flaut å ikkje vite kva ynskjer ein har?

#4: Finst det nokon fasit? Heldigvis er svaret på dette spørsmålet enkelt: Nei, det finst ingen fasit.

Eit svar får vere nok for i kveld... kanskje dukkar det opp fleire i morgon? :)

- Jill Alice -

2 kommentarer:

Unknown sa...

Et svaralternativ ang tema kan ver å starte å blogge for å der etter sjå ka du blogga mest om å då he temaet komt naturla :D

Velkommen tbake førrestn! ;)

Jill Alice sa...

Takk takk Sonja :) Skal prøve no å sjå om det blir bra :)

LinkWithin