Det er kanskje litt tidleg å glede seg til jul enda, men i dag var det skikkeleg julestemning her i huset! Utanfor vindauget var det nemlig 10 cm med deileg kvit nysnø!!
I tillegg til julestemning ute var det gaveoppakking inne! Christopher hadde nemlig bestilt mange varer frå Amazon som endeleg kom fram, og lite visste andrepart om kva som var bestilt ;)
Ein av dei nye duppedingsane som blei kjøpt var denne råtøffe papirkutteren!
Ikkje berre kan den skjære rette kantar, men den har også tilleggsknivar (grønn, raud og oransj) med mønster!! To taggemønster og eit med striplalinje (slik som er på ark der du skal rive av ein del, feks giro) ;) Kva eg skal bruke det striplete mønsteret til er enno uvisst, men det er morosamt å ha.
Gledar meg masse med å kome i gong å lage julekort, og no når både kuttar og stemning er på plass er det vel ikkje noko å vente på ;)


3 kommentarer:
Julestemning her mæ <3 so lurt me sånn papirkutter da - jer d kjekt å lage julekort då i år:) kjør på:)
WOW!!! Papirkuttern va no driiitkul då!!
Takk :D Berre å komme innom om du treng å striple eit ark ;) hehe
Legg inn en kommentar