I Trondheim har det i november vore den kaldaste månaden på minst 222 år stod det i Adresseavisa. Då lovar det ikkje godt at det no skal bli kaldare.. Bra er det då at det er desember og vi kan kose oss med alt det gode som høyrer jula til.
I dag vart det litt juleshopping på Solsiden, og her har dei verkeleg slått på stortromma. Området er pynta i tusenvis av lys, og både ute og inne kan du høyre koseleg julemusikk.
Julestemning blei det også på jobb i dag då eg fekk vere med å pynte juletre! Gjennom åra har det blitt litt skavankar på det stakkars plastikktreet så det hadde litt problem med å stå med rak rygg, men det blei no litt sjarmerande når julepynten kom på :) Nissane har fått heidersplassen på kontorpulten min.
♥♥♥
I desember er det også veldig koseleg med julekalender, og Lene hadde da den fantastiske idéen at vi burde ha ein felles kalender i Klostergata. Alle fekk dermed i ansvar å kjøpe inn 4 pakkar kvar og idag var bardisken vår overfylt av spennande pakkar.

God førjulstid alle saman!

2 kommentarer:
Oj, oj, oj! Bra initiativ ta Lene :D
I know! Kos med ein liten pakke kvar dag :)
Legg inn en kommentar