søndag, desember 05, 2010

Risbollar

I dag har Sonja vore på besøk og vi har laga risbollar:) det er den beste julesorten eg veit om, og eg gleder meg alltid til å kome heim til mamma sine fantastiske risbollar!

Vi starta med iver og heiv oss over vannbadet, men det skulle vise seg at delfiafettet og sjokoladen ikkje ville vere venar.. Etter ein prat med meistren fant vi ut at problemet måtte ligge i at fettet blei for varmt og ville dermed ikkje komme til å blande seg. Litt småskuffa måtte vi kaste delfiafettet, men sidan alt anna var klart kryssa vi fingrane og satsa på det blei like godt uten.

Resultatet blei at dei ikkje stivna og mykje av sjokoladen endte i bunnen av muffinsforma, men dei smakte heldigvis godt :)

1 kommentar:

Unknown sa...

Dei vart godt mottatt her i huse :D

LinkWithin