Regnet kom i halv sju tida, i strie straumar. Vi måtte etterkvart gi tapt for gjørma...
Kvelden vart avslutta med ein velfortjent gf-vaffel!
lørdag, august 25, 2012
fredag, august 24, 2012
Lys og varme
I dag he vi vore på Jula og handla oss mykje lys og varme! 6 stk lysrørarmatur for å lyse opp loft og kjeller og 1 stk varmepumpe for å få det godt å varmt no når mørketida nærma sej.
Blir ei glede å sleppe å fryse vettet av seg på veg til dusjen om morgonen;)
God helg!
Blir ei glede å sleppe å fryse vettet av seg på veg til dusjen om morgonen;)
God helg!
tirsdag, august 21, 2012
Taklampe på stua
Idag he elektriker Stern hengt opp ny og etterlengta taklampe på stua. Vi valgte å fortsette den retro lampestilen vi allerede har her i huset og er godt nøgd med både lyset og lampen!
Skal bli godt å endeleg kunne kvitte seg med irriterande stålampar som alltid står i vegen!
Malermesterinne Stern har mala lister på badet, men dessverre har vi ikkje lys på badet enda så det får bli bilete av det ein annan dag.
Kan forresten nemne at dersom ein ikkje har lys på badet fungerer det meget bra med stearinlys :)
Skal bli godt å endeleg kunne kvitte seg med irriterande stålampar som alltid står i vegen!
Malermesterinne Stern har mala lister på badet, men dessverre har vi ikkje lys på badet enda så det får bli bilete av det ein annan dag.
Kan forresten nemne at dersom ein ikkje har lys på badet fungerer det meget bra med stearinlys :)
onsdag, august 15, 2012
Ny elektrisk kjedesag
I dag gjekk vi til innkjøp av ei elektrisk kjedesag av typen Stihl MSE200 og gjekk til angrep på den DIGRE grana vi he velta aust for huset!
Mannen verkar godt nøgd - så lenge stikkontakta er i;)
Mannen verkar godt nøgd - så lenge stikkontakta er i;)
tirsdag, august 14, 2012
Rydding i "hagen"
Det flotte vêret bli idag nytta til vedhogging og rydding i en ellers meget rotete hage. Dersom man kan kalle eit mosebegrodd område for hage...
torsdag, april 12, 2012
Bryllup.nogvastern.info er oppe igjen, med enda meir innhald!
Sida er tilbake på bryllup.nogvastern.info, og vi har publisert ønskelista allereie 4 veker før den store dagen!
søndag, april 08, 2012
Ups..
Vi har visst nokre problemer med bryllup.nogvastern.info vårt, men du finn bryllupssida under: http://jillaliceogchristopher.squarespace.com/
lørdag, mars 10, 2012
Bryllupet nærmar seg
Er du på jakt etter informasjon om bryllupet og har rota vekk adressa finn du den på: bryllup.nogvastern.info.
søndag, januar 08, 2012
Året 2011
Oppsummering av året som var:
Januar
Klar for nye ablegøyer med gjengen i Klostergata 12 ;)
Investerte også i mine første salomski og utstyr, og Christopher kjøpte skiboks!
Februar
Laga mi første strikkahue! Godt nøgd med den :) Har dessverre ikkje blitt laga fleire...
Tacoforskninga har starta. Her har vi fått smaken på heimelagde tortillas og tacokrydder!
Mars
VM på ski i Oslo
Hyttetur med familien Nogva i Tieto-hytta på Oppdal. Flott helg med 7 voksne og 7 unga :) Bortsett frå kuttet over auget..
April
1. april 2011: Christopher fridde i slalombakken på Vassfjellet ♥
Feiring av forlovinga med våre flotte familie frå USA ;)
Barnedåp i Ørsta
Påskeferie er kvalitetstid med familie og gode vener.
Her samlast vi etter ein kjekk påskecup i Nordøyhallen
Første forsøk på ølbrygging starta denne månaden.
Mai
Tur til Oslo for å helse på godegamle klassevenner fra vidaregåande!
17.mai er vi så glad i :)
Bursdagshelg og besøk av jentne mine. Heimelaga sushi på menyen.
På dagen blei eg overraska med frukost og bryllaupskjoleprøving.
Juni
Juni blei ein krevande måned då vi måtte omstille oss til ein glutenfri kvardag. Mykje nytt å sette seg inn i og mange tankar om korleis kvardagen skal bli framover no når eg veit om sjukdommen.
Christopher hadde innlevering av masteroppgava denne måneden.
Heretter blir det sivilingeniør Christopher Stern som starter i jobb hos Norconsult fra 6.juni.
Juli
Juli
Sommerferie er alltid hærleg.
Her er vi på veg ned frå Gridsetskolten då vi var her på Fjellfestivalen i Åndalsnes.
Moldejazz og sightseeing på Atlanterhavsvegen blei det også tid til.
August
60års feiring i Geiranger med heile Nogvafamilien :)
Tur til Halden for å besøke det nye huset til faren til Christopher.
Blei også shoppingtur til Sverige.
Besøkte søstrene til Christopher i Oslo og vår minste nevø Aleksander.
September
Christopher var på avdelingstur med Norconsult til Reykjavik.
Medan eg var på jobbtur med Tieto til London.
Oktober
UKA i Trondheim: på konsert med Robyn, Guetta og Trønderfest.
Christopher kjøpte seg Samsung Galaxy Tab 10.1
November
Den 11.11.11 hadde vi overtakelse av huset vårt i Breivika og samme dag fikk vi levert vår nyinnkjøpte gravemaskin.
Måneden gjekk med på arbeidshelger i det nye huset, men mykje godt arbeid att til 2012 :)
Desember
Julebordsesongen i gong
Fussballbordet på jobben min har blitt mykje brukt denne hausten og eg har blitt både seriemester i Tietoturneringa og det var siger for oss på julebordets parturnering ;)
Fantastisk artig!!
Julebord i Klostergata 12. Eg og Christopher laga heimelaga sur-og rødkål, kålrabbistappe og deilig svineribbe med sprø svor.
Juleferie og stemning på Flem då tante Jill kom med julepresanger!
Godt Nytt År 2012 ♥
søndag, desember 11, 2011
Julemiddag i Klostergata
Søndag 11.desember diska vi opp med heimelaga julemiddag for dei stressa studentane i huset som premie for ihærdig innsats i eksamensperioden.
Starta tidleg med tilberedning av tilbehøret: f.v Kålrabi til rabbestappe, surkål, rødkål og poteter!
Svineribba vart dynka i salt kvelden i forvegen i håp om god smak på svoren.
Christopher trylla fram ein kryddermiks som vi krydra ribba med før steiking.
Julemixen bestod av salt, pepper, allehånde, ingefær og nellik.
Ribba blei lagt i forma med svoren ned og så fylte vi på med så mykje vatn at det dekte svoren.
Etter 1 time på 170 grader snudde vi ribba og lot den stå i 1 time til. Fulgte med temperaturen på ribba så den ikkje skulle bli over 75 grader.
Tok ut ribba og varma opp ovnen på høgaste varme (sidan grillfunksjonen ikkje fungerar i ovnen vår)
Avslutta prosessen med å sette ribba på høgaste rille og jevnlig helle over kraft over svoren.
Sakte men sikkert blei svoren meir og meir sprø, og vi vart meget fornøgd med dette resultatet!
Miksa rabbestappa med stavmikser for å få god konsistens. Legg merke til "Chef´s Tanta"-forkledet mitt som eg fikk av nevøane mine i fjor jul:)
Kokken Christopher i gong med å skjære opp svineribba og ein skrubbsvolten Torgeir følger ivrig med.
Klostergata 12:
Sondre, Sina, Grethe, Lene, Torgeir, Jill Alice og Christopher :)
torsdag, desember 01, 2011
Nytt golv i entréen
Ved første syn var ikkje entréen særleg innbydande. Biletet frå visninga visar golvet med rester av eit gammelt teppe som var har blitt delvis fjerna.
Etter første besøk vart det vel konsensus om å legge nytt golv.
Fra stua og inn mot kjøkkenet kunne vi sjå tydelege spor etter Hans (tidlegare eigar).
Før vi kunne byrje med golvlegging kom ideen om å vaske golvet...
Den velkjente skoteknikken krev lite utstyr, men tærer på sålen.
Etter dag 1 kunne vi byrje å sjå eit raudt golvbelegg frå 60tallet i god behold!
Den mystiske blandinga av skit og lim sat ekstremt godt fast og eg trur vi prøvde dei fleste vaskemiddel og løysemiddel vi kunne finne. Til tider blei også eit brekkjern benytta for å skrape reint belegget..
Etter dag 2 ser golvbelegget så godt som nytt ut!
Tusen takk til 4 gode hjelparar som vekeleg la stor innsats i å finne fram gløden i golvet!
Til jula vert det ein siste finsh med eddikvask og boning.
..og om ikkje det blei lagt nytt golv i entréen, så fant vi eit nytt golv :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)










