søndag, september 18, 2011

Nytt fotokamera!

Som dei storforbrukarane vi er av fotokamera har vi no gått til innkjøp av eit flunkande nytt Samsung WB650! Men hadde ikkje vi akkurat kjøpt nytt kamera?


Grunnen til at vi byttar ut vårt forrige kjøp innan 1 år er rett og slett at ein viss mister Stern ikkje finn igjen kameraet vårt etter han tok det med på jobbtur til Oslo...

Det forrige kameraet, et SONY CyberShot HX5V, blei valgt etter grundig gjennomgang av svar fra internetts mange testpanel. Då vi eigentleg ikkje har vore så veldig fornøgd med dette kameraet gjekk vi denne gong for eit nytt merke - SAMSUNG. 
Sidan kjøpet blei gjort litt på impuls og ingen bakgrunnsjekk utført leika vi istaden plagsomme kundar på Elkjøp der vi kom med 3 enkle krav:
Krav 1: GPS - dette eliminerte alle utanom 3 kamera. 
Krav 2: Ikkje SONY - nok eit kamera eliminert
Krav 3: MPEG4 format på film - gjer at filmen kan importerast direkte på iPhoto på Mac og dette kravet gjorde at vi satt igjen med kun 1 valg: Samsung WB650.

Kameraet skal no effektivt testast på alle mulige måtar innen dei 30 dagane for returrett til Elkjøp har gått ut, så unngår vi eit nytt år med eit kamera vi ikkje er nøgd med. 
....og ein ting skal vere sikkert: det er utruleg kjekt med ein ny duppedings :)

2 kommentarer:

Audhild sa...

Gratulerer med nytt kamera! Koselig med peis,smart!

Veronica sa...

Liker,liker :) viktig å spør på Elkjøp ;) håpe dokke bli fornøgd då :D

LinkWithin