tirsdag, september 14, 2010

Stort spørsmålsteikn

Kva undrar eg på?

Nei, skal vi sjå. Det startar ofte i det små har eg merka meg.
I dag har eg lurt veldig på om eg skal begynne å blogge igjen. Har vore stille på bloggen sidan vi kom frå USA og grunnen er vel ganske enkelt at eg ikkje føler eg har noko å blogge om lenger..

Etter ei lita bloggtørke har eg no funne ut at bloggen er ei fantastisk dagbok! Om ikkje andre er interessert i kva vi gjer på til dagleg så er det flott å kunne gå tilbake i tid å sjå kva vi har gjort! Har derfor bestemt meg for å starte oppatt med bloggen min...og det er her spørsmålsteikna byrjar å kome.

#1: Kor skal eg skrive? Skal eg fortsette på denne bloggen, min gamle blogg, mi gamle heimeside eller kanskje lage ei ny heimeside?

#2: Kva tema skal eg ha? Overalt kor eg les om tips og triks til blogging er det «tema» som er den grunnleggande starten. Tema? Korleis finn ein eigentleg eit tema som kan vere for interesse for andre? Trikset er vel kanskje at ein ikkje skal bry seg om kva andre ynskjer, men heller finne kva ein sjølv er interessert i?

#3: Kva er eg interessert i? For tida føler eg dette er eit at dei store spørsmåla som plager min tankeverden. Korleis i alle dage finn ein ut kva ein er interessert i? Og kvifor føler ein at det er flaut å ikkje vite kva ynskjer ein har?

#4: Finst det nokon fasit? Heldigvis er svaret på dette spørsmålet enkelt: Nei, det finst ingen fasit.

Eit svar får vere nok for i kveld... kanskje dukkar det opp fleire i morgon? :)

- Jill Alice -

fredag, august 06, 2010

Det var det

Jada, det er ei stund sidan forrige oppdatering; vi har sjølvsagt for lengst landa i Noreg, med norsk tidssone, lyse kveldar og eit litt meir ustabilt klima.

Vi har stortsett tilbrakt sumaren rundt om på Sunnmøre. No er det allereie august og skulestart nærmar seg, vi set kursen mot Trondheim og flyttar inn i nytt kollektiv i Klostergata om eit par veker. Då er kvardagen tilbake med striskjorte og havrelefse.

Post Script:
Bruken av "Nomen Nescio" i forrige innlegg har forvirra nokre sjeler og vi avklarer dette med å minne om forkortinga NN som står der navnet er ukjent. Og det er jo akkurat det Nomen Nescio tydar, at namnet er ukjent. Heldigvis gjeld ikkje dette i all æve, og guten har blitt skrive inn i manntallet med Aleksander som fornavn, og Leon som mellomnamn.

fredag, juni 11, 2010

Roadtrip på E6

I helga var vi fjøsavløysarar på heimgarden på Rogne, slik at foreldre til Jill Alice kunne reise på kor-stemne. Så lenge kyrne er med på notane er det eit rett hyggeleg stykke arbeid.


Her er bilete av to kviger som akkurat har fått kome ut på somarbeite, og fortsatt veldig nysgjerrige på kva den kjekke cowboyen driv med.

Laurdag blei det så bestemt at vi skulle ta turen til Oslo med nokre "småting" til systera m/samboer til Christopher. Ein strøken Mitsubishi L300 tok oss strake vegen, fullasta med verktøy, senger og og diverse baby-utstyr.
Dei har akkurat flytta inn i nytt hus, og i tillegg har dei termin på sin fyrstefødde denne veka. Vi fekk hjelpt dei med litt av kvart praktisk arbeide som montering av hyller og skap og senger, noko som alltid er kjekt å få i orden!

Etter eit par dagar i Oslo, og fortsatt ingen ny verdsborgar, måtte vi turen til Trondheim for å finne ny leilegheit.
Finn.no, hybel.no og andre annonse-nettsider vart saumfart, og vi fann eit par interessante objekt og ordna visning!
Dagen etter og to visningar seinare har vi no skreve kontrakt på ein flott bygård i Klostergata, like ved der vi har budd. Her skal vi dele fellesrom saman med 3 andre, men sidan vi er vant med 8 fra USA trur vi at dette skal gå veldig fint!


View Larger Map

Spennande :)

torsdag, juni 03, 2010

Sunnmøre

Ofte når vi tek turen heim til Sunnmøre stillar vêrgudane opp med nydeleg vêr, og dei skuffa oss ikkje denne gongen heller! 20 grader og strålande sol var absolutt ikkje den overgangen vi hadde forberedt oss på, men fornøgde er vi.

Sjølv om vi har prøvd ut grillen sidan februar i år, var det alikevel på sin plass å prøve den på ein så fin sommardag på Skodje.


Laurdagen tok vi turen ut til øya mi Longva, og på Haramsøya blei vi møtt med store smil og norske flagg hos broren min :)

Godt å kome ut på øya og barndomsheimen igjen ;)


I Hansgarden var det duka for Eurovision på tv og forsinka bursdagskake på bordet, og leiking med hattar, nieser og nevøar!


Søte Julian på 1 år :) Kan vel trygt seie at han har forandra seg medan vi har vore bortreist!


mandag, mai 31, 2010

Heimreisa

Våre norske venner i Abrego-familien var på plass for å gi oss ein skikkeleg avskjed :)

f.v.: Chris/Pecka(Per Christian), Emily, Sol(Solveig) og Chris/Freddy (Christopher)

Siste dagane blei det litt av eit kaos på rommet vårt. Her skal ein pakke, sove, sparkle og vaske ned på same tid. På flyet gjaldt bagasjereglane: 2x23kg (max 32kg mot betaling) og innanfor ein gitt storleik.

Vi såg fort at det kom til å bli ekstra kolli og mengder med overlast så vi la oss på maxvekt(32kg) på alle kofferter/sekker. På tavla prøver vi å halde orden på alle kg vi har i kvar sekk og kva vi har igjen.


Tilslutt endte vi opp med 5 kolli som skulle sendast på flyet, og 4 kolli handbagasje.
Biletet er tatt utanfor flyterminalen og manglar kun ryggsekken som Jill har på ryggen.
Når vi endeleg kom inn på rett terminal, etter at buss-sjåføren slapp av oss feil, fant vi ei vekt som viste at den eine ryggsekken var heile 38 kg, og dei fleste andre låg på 33-35 kg.
Dermed blei det ompakking til eit ekstra kolli før vi kunne sjekke inn, og med litt flaks, 200$, og ei stressa innsjekkings dame fekk vi med alt. Til og med handbagasjen vart merka med lapp om overvekt...

Endeleg sat vi trygt på flyet og all bagasjen vart sjekka heilt fram til Norge!

Vi flaug med Air New Zealand som er stemt fram som det 5. beste flyselskapet i verden for ikkje lenge sidan! Flott tur, god mat og god service! Nokre timar til på fly hadde ikkje gjort reisa verre, som vanleg er nattbussen Oslo - Ålesund langt meir slitsam enn turen til Gardermoen..


Etter å ha forflytta klokka 9 timar fram må det vel vere lov med ein cowgirl-strekk i sola!

LinkWithin