onsdag, januar 02, 2013

Etterjulssøtsaker!

Før jul fylte vi på vona opp kremfløytelageret med 4x0,33 liter. Etter nyttår hadde vi 4x0,33liter fløyte i kjøleskapet. Heldigvis kom det iskremutstyr til Mr.Ken i hus tidligare i haust.

Pga. innkjøpsdatoen av råvarene, lar vi denne kaloridosen gå på julekvota.

Ken Wood piskar lett egg, sukker og fløte til ein fin masse som vi seinare puttar i iskrembollen. I går vart det vaniljeis med sjokobiter, idag har vi kokt ein enkel karamell av like deler brunt og kvitt sukker, smør, sirup og (viking)melk. Smakar godt ja.

Iskremmasse klar for nedkjølingfase 1.
Koking av karamell for smak
Nedkjølt masse skal i iskrembollen og rørast til den får soft-is konsistens.

Etter nokre timar i frysaren er den nok klar, men det vart ikkje umiddelbar prøvesmaking denne gongen, den lange vegen mot rett karamellkonsistens sørga for at vi fekk fylt opp sukkerkvoten for kvelden...

3 kommentarer:

Unknown sa...

Åh, eg saknar vaniljeisen med sjokoladebitar frå Hennig Olsen! *sukk*

Christopher sa...

Lag den sjølv då!

Unknown sa...

True, true, Christopher ;)

LinkWithin