søndag, oktober 28, 2012

Pumpkins

Happy Halloween!


Halloween feires den 31. Oktober og vi har i den anledning skjært ut nokre skremmande gresskar-lykter!


Aslak, Ulrikke og Karin kom for å hjelpe til med kunstverka og vi endte opp med tre flotte og skumle gresskar!
Av restane og innmaten har vi no laga både gresskarsuppe, ristede gresskarfrø og gresskarpai :)

torsdag, oktober 25, 2012

Her kommer vintern

Ja då var han her igjen; herr vinter! Koselig så lenge ein er inne, men fryktelig kjedelig med tanke på alt som skulle vore gjort ute før han kom.

Satsar på at det er kun ein kort visitt :)


Hadde vertfall to stk katter som syns snøv va veldig spennande! ...helt til dei merka det var kaldt ute;)

lørdag, oktober 20, 2012

Planering til parkering

I dag har vi jobba med veien som skal gå opp aust for huset så vi kan parkere oppom huset! Det er kjekt å sjå at det endelig byrjar å likne på noko flatt og ikkje-gjørmete.
Vi har fjerna all jord og gjørme og gravd oss ned til leiren som skal bli eit godt underlag for veien.

Gleder meg til vi skal få fylt på med pukk! ..men fortsatt ein del hindringar og graving før det er klart for slikt.

Snart mørk ute no så då blir det fyring i peisen og snacks i skåla!

God helg:)

tirsdag, oktober 16, 2012

Endeleg er rusket vekk

Det kjem nok fort nytt rusk - men akkurat no kan vi nyte at 5 lass med tilsammen ca 8 tonn hageavfall er fjerna :)

Fantastisk produktiv dag med god hjelp frå traktorførerane; pappa og onkel Rolv!

Ryddedag

No e det klart for ryddesag i Br97! Onkelen til Christopher har komt med henger og vi skal kjøre vekk alt rusk og rask som vi he stabla opp i store dunger rundtom på tomta.

Må også få flytta litt på all veden vi laga i helga, med god hjelp fra Solfrid og Rolf. 60 sekka blei det tilslutt - og då var det tomt for sekka;)

God arbeidstirsdag!

lørdag, oktober 06, 2012

Traktor på lån!

I dag he mej fått oss traktor på "gården" så no e det klart for skikkelig arbeid:)

Muren i bakgrunnen står for fall så blir spennande å sjå kor det går!

God helg:)

lørdag, september 22, 2012

Hylla på plass!

Då he vi fått på plass den heimesnikra hylla vår på soverommet! Godt nøgd med alle baggane den tok unna:)

God helg!

torsdag, september 20, 2012

Hylleprosjekt

Idag starta vi på eit hyllesystem vi skal ha på soverommet. Har mange store bagga med diverse klede for regn, vinter, ski og fjellaktiviteter som no kun står i en haug på golvet, og man skal sjølvsagt alltid ha noko i den underste baggen.
Her mala vi plate som skal kappast opp til 6 hyller og Christopher har starta arbeidet med å lage klar veggfesta til hyllene:)

lørdag, september 15, 2012

Nye regneklede

I dag var vi og kjøpte nye regnklede fra H/H WorkWear kolleksjonen til Jill-Alice! Kleda måtte sjølvsagt testast ut, og dagens oppgåve var å lokalisere stikkrøret til huset og koblinga til hoved-vannrøret.

Sidan vi ikkje veit kor nokon av røra ligg var det berre å grave seg fram med grafse og spade, og timesvis av regn, gjørme og graving seinare har vi endelig funne både rør (stålrør:/) og tilkobling! Til vår store glede var det også kobla på ei stoppekran til røret vårt:) Det er kjekt å ha når vi skal bytte vannrør.
Skal bli godt med litt friskare vatn i springen;)

Regnkleda besto testen med glans og arbeiderane var like tørre etter ei avsluttende dusj med spylerslangen!

tirsdag, september 04, 2012

Nye sambuarar

Idag flytta Sigfus og Marie inn hos oss! Dei har nytta heile dagen til å lukte på kvar ei einaste krå og duppedings i huset for å gjere seg kjende.

Det ser no ut til at dei har godtatt den nye boligen og tatt kvelden i den einaste godstolen vi har her i huset;)

At det e koooooselig med katta i hus skal iallefall vere sikkert!

torsdag, august 30, 2012

onsdag, august 29, 2012

Morellesylte

I dag har vi plukka moreller på Viset, garden til Christopher sin onkel.
Treet var stappfullt av modne moreller men dei hong også sjølvsagt høgt oppe! Løysinga blei å løfte oss opp med lasteplanet på traktoren, og bortsett frå litt høydeskrekk i starten fungerte det veldig bra:)

På kvelden fekk vi rørt halvparten av bæra til morellesylte. Så får vi prøve å koke resten i dag og sjå kva forskjellen blir!

Eg har aldri laga sylte før så det blir spennande å smake på resultatet:)

søndag, august 26, 2012

Forvandling i bakgården

I går var det hagedag i breivika. Starta lett med klipping av gras med kantklipperen. Fikk også bruk for den søte barneriva eg fann i hekken! Endelig ferdig dukka ei diger gravemaskin opp og trava seg igjennom skogen.

Etter eit par timar og bøtter med regn seinare var den gjengrodde bakgården gjort om til eit gjørmebad!

Kanskje ikkje så lekkert syn akkurat no, men med den farta ting veks her i bakken e det vel ikkje lenge til det e grønt igjen;)

lørdag, august 25, 2012

Kveldsmat.

Regnet kom i halv sju tida, i strie straumar. Vi måtte etterkvart gi tapt for gjørma...

Kvelden vart avslutta med ein velfortjent gf-vaffel!

fredag, august 24, 2012

Lys og varme

I dag he vi vore på Jula og handla oss mykje lys og varme! 6 stk lysrørarmatur for å lyse opp loft og kjeller og 1 stk varmepumpe for å få det godt å varmt no når mørketida nærma sej.
Blir ei glede å sleppe å fryse vettet av seg på veg til dusjen om morgonen;)

God helg!

tirsdag, august 21, 2012

Taklampe på stua

Idag he elektriker Stern hengt opp ny og etterlengta taklampe på stua. Vi valgte å fortsette den retro lampestilen vi allerede har her i huset og er godt nøgd med både lyset og lampen!
Skal bli godt å endeleg kunne kvitte seg med irriterande stålampar som alltid står i vegen!

Malermesterinne Stern har mala lister på badet, men dessverre har vi ikkje lys på badet enda så det får bli bilete av det ein annan dag.

Kan forresten nemne at dersom ein ikkje har lys på badet fungerer det meget bra med stearinlys :)

onsdag, august 15, 2012

Ny elektrisk kjedesag

I dag gjekk vi til innkjøp av ei elektrisk kjedesag av typen Stihl MSE200 og gjekk til angrep på den DIGRE grana vi he velta aust for huset!
Mannen verkar godt nøgd - så lenge stikkontakta er i;)

tirsdag, august 14, 2012

Rydding i "hagen"

Det flotte vêret bli idag nytta til vedhogging og rydding i en ellers meget rotete hage. Dersom man kan kalle eit mosebegrodd område for hage...

LinkWithin